Postkort: Båt på Sandvinsvatn.
Postkort: Båt på Sandvinsvatn. Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Dampskip på Sandvinsvatn

I 1890-åra hadde reiselivet i Odda teke seg sterkt opp. Mykje vart gjort for å fremja turisttrafikken og for å få gjestene til å trivast.

Mellom anna vart det kosta eit lite dampskip som om sommaren førde turistar som skulle til Buerbreen, over Sandvinvatnet til og frå Jordal. Skipet fekk namnet «Buer», og Mons Vik var både maskinist og førar. Tragikomisk er historia om då han kraup inn i den vesle dampkjelen for å gjera reint, og blei sitjande fast. Det syntes så umogeleg å få han ut att, at det var på tale å senda kjelen, med maskinisten i, til Bergen. Heldigvis slapp dei det. Etter at Mons hadde fått av seg alle kleda og smurd seg skikkeleg inn med grønsåpe, greidde dei å dra han ut att.

Nokon særleg forretning vart ikkje av tiltaket. Båten var transportert på rullar opp til ferskvatn, og etter nokre år vart han transportert ned att på rullar til salt sjø.

Denne historia stod på trykk i Hardanger Folkeblad i 2018, i ei serie kalla Tilbakeblikk.

Share to