Læremiddelaksjon i Flora i 1979.
Læremiddelaksjon i Flora i 1979. Norsk Målungdom / Nynorsk kultursentrum. (copyright)

Norsk Målungdom og læremiddelaksjonar

Retten til at lærebøker skal liggje føre på både nynorsk og bokmål til same tid blei lovfesta i 1969 for grunnskulen og i 1974 for vidaregåande opplæring. Likevel har dette ofte ikkje vore realiteten. I samlinga etter Norsk Målungdom (NMU) er det fleire gjenstandar som dokumenterer historia om læremiddelaksjonar gjennom dei siste femti åra.

Med grunnskulelova frå 1969 blei det lovfesta at lærebøker i andre fag enn norsk skulle liggje føre på begge målformer til same tid og til same pris. Men dette gjaldt berre for grunnskulen, og målungdomar og andre jobba for at jamstillinga av læremiddel på nynorsk og bokmål også måtte gjelde vidaregåande opplæring. I 1971 fanst det 470 lærebøker for gymnaset. 344 av desse var på bokmål, 58 var på nynorsk og 68 på både bokmål og nynorsk.

Landsmøtet i Noregs Student- og Elevmållag, som seinare tok namnet Norsk Målungdom, vedtok våren 1971 å setje i verk lærebokaksjonar om hausten. Saman med Noregs Mållag samordna dei seg med Norges Gymnasiastsamband. Det blei danna ei aksjonsnemnd i Øystese, og elevane i Øystese gjekk til streik 10. september. Då statsbudsjettet kom kort tid etter, var løyvingane til lærebøker på nynorsk langt i frå kravet frå aksjonistane på 2 millionar, og det blei oppmoda om landsomfattande streik.

Den 28. oktober 1971 streika over 30 000 elevar ved over 110 vidaregåande skular for å få lærebøker på både nynorsk og bokmål til same tid og til same pris. Skular frå Hammerfest i nord til Kristiansand i sør var med på aksjonane, og også skular i Oslo og Bergen. Dette var den første av mange slike aksjonar. Tre år seinare, i 1974, blei det vedtatt i lov om vidaregåande opplæring at alle lærebøker og læremiddel i andre fag enn norsk skal liggje føre på nynorsk og bokmål til same tid og til same pris.

Det gode samarbeidet mellom NMU og elevorganisasjonane førte til at det våren 1974 blei skipa ei felles aksjonsnemnd mellom ulike organisasjonar som skulle arbeide for læremiddelsaka, Aksjonsnemnda for språkleg rettferd i skulen (AFSRIS). Fleire elev- og studentorganisasjonar blei med. Norsk Målungdom og Noregs Mållag var dei drivande kreftene i aksjonsnemnda. I tillegg var Norges Gymnasiastsamband med, Yrkesskoleelevenes og Lærlingenes Interesseorganisasjon, Landslaget for Norske Lærerstudenter, Norsk Studentunion, Interesseorganisasjonen for kombinerte grunnkurs og Distriktshøgskolestudentenes Landsforbund med i nemnda. Seinare blei også Folkehøgskoleelevene sin interesseorganisasjon, Fellesrådet for sosialskolestudenter og Interesseorganisasjonen for Landbrukets Fagskoler med. Aksjonsnemnda gav ut aksjonsavisa Språkleg rettferd.

Sjølv med lovfesta rett til læremiddel på nynorsk og bokmål, er realiteten at læremiddel på nynorsk ofte manglar eller kjem fleire månader etter skulestart. Derfor har læremiddelaksjonane halde fram også etter 1974. Samlinga etter Norsk Målungdom har mange foto, banner, plakatar og anna som dokumenterer denne kampen, i tillegg til å innehalde ei rekkje andre gjenstandar.

Elevar frå Voss ungdomsskule i aksjonstog i 1979. Norsk Målungdom / Nynorsk kultursentrum. (copyright)
Elevar i Flora aksjonerer for læremiddel på nynorsk i 1980. Norsk Målungdom / Nynorsk kultursentrum. (copyright)

Kjelder

  • Olaf Almenningen: Målreising i 75 år. Noregs mållag 1906-1981. Fonna forlag, Oslo 1981
  • Olaf Almenningen: «Blant kommunistar og radikalarar i ungdomsflokken», Folkemål nr. 6/1981
  • Olaf Almenningen: Studentar i målstrid. Studentmållaget i Oslo 1900-2000. Studentmållaget i Oslo 2003
  • Åsmund Forfang: «Den lovfesta rettferda», i Mål og makt nr. 3/1977
  • Aslak T. Helleve: «Lærebokaksjonen hausten 1971», i Mål og makt nr. 3/1977
  • Astrid Osdal: «Læremiddelaksjon. NMU må vere drivkrafta», om aksjonsnemnda, Målfront nr. 5/1975
  • Bodil Røyset: «Når vi tek eit tak i lag …», i Mål og makt nr. 3/1977

Sjå fleire foto og gjenstandar frå Norsk Målungdom-samlinga

Order this image

Share to