Privat filmopptak av ein demonstrasjon for læremiddel på nynorsk i Førde, 28. april 1971. Då var kring 500 til 600 elevar frå dei ulike skulane i Førde med på eit demonstrasjonstog...
Privat filmopptak av ein demonstrasjon for læremiddel på nynorsk i Førde, 28. april 1971. Då var kring 500 til 600 elevar frå dei ulike skulane i Førde med på eit demonstrasjonstog og ei samling der det vart halde appellar for nynorske læremiddel. Filmen er filma av Bjarne Hope, som var elev i Førde då, og er eit av få filmopptak av unge sitt nynorskengasjement frå denne tida.
Dette var ein av mange demonstrasjonar for nynorske læremiddel i 1971 og åra framover. Då var det få læremiddel på nynorsk tilgjengeleg i dei vidaregåande skulane, og elevane hadde heller ikkje rett til læremiddel på nynorsk etter grunnskulen.
I 1971 gjekk Norsk Målungdom saman med Noregs Mållag og Norges Gymnasiastsamband om ein storaksjon. Det året streika over 30 000 elevar ved over 110 vidaregåande skular for å få lærebøker på både nynorsk og bokmål til same tid og til same pris. Skular frå Hammerfest i nord til Kristiansand i sør var med på aksjonane, også skular i Oslo og Bergen. Sjølv om retten til læremiddel på nynorsk vart lovfesta i 1974, vart det ikkje løyvd nok midlar til å gi nynorskelevane læremidla dei hadde rett på, noko som førte til at aksjonane heldt fram ut over 1970-talet.
Eit søk i avisa Firda sitt digitale arkiv syner at demonstrasjonen vert omtala i Firda laurdag 30. oktober 1971. Der står det omtale av ein stor demonstrasjon i Førde torsdagen før, 28. oktober 1971. Artikkelen omtalar demonstrasjonen i Førde, og det er eit bilete av ei samling knytt til demonstrasjonstoget der det er plakatar med påskrifter som «Fullt språkdemokrati i alle skuleslag», «Auka løyving no!» og «Skal nynorsken døy??». Det vert antyda at 500-600 skuleelevar og lærarar frå ulike skular møtte, og at «elevane samla seg på plassen framfor meieriet kl. 12. Dei hadde måla rikeleg med plakatar og transparentar. På plassen var det rigga opp høgtalar, og representantar frå dei ymse skular fekk ordet.» Appellantane var Arne Holsen (frå gymnaset), Jorun Hjellum (frå handelsskulen) og Arne Gimmestad (på vegner av yrkesskulen og den tekniske skulen). «Demonstrasjonen hadde også tilslutnad av ungdomsskulen og husstellskulen», står det skrive. «Etter appellane gjekk elevane og lærarane i tog rundt i sentrum med kring 20 plaktar og transparentar som dei hadde måla og som understreka hovudpunkta i krava. Det var skulestreik i 3 timar for å understreke demonstrasjonen.», står det vidare i artikkelen. Avisa skildrar demonstrasjonen som «ein kraftig demonstrasjon for kravet om nynorsk lærebøker i skulane». Samstundes vart det halde liknande demonstrasjonar på Vassenden i Jølster og på Sandane i Gloppen.
Banner frå arkivet til Norsk Målungdom. På banneret står teksten: "Aksjon for språkleg rettferd i skulen. Norsk Målungdom, Norsk Elevorganisasjon, Norges Gymnasiastsamband". Banner...
Banner frå arkivet til Norsk Målungdom. På banneret står teksten: "Aksjon for språkleg rettferd i skulen. Norsk Målungdom, Norsk Elevorganisasjon, Norges Gymnasiastsamband". Banneret har vore i bruk under ein aksjon for Norsk Målungdom.
Banner frå arkivet til Norsk Målungdom. På banneret står teksten: "Språkleg rettferd i skulen!". Det er truleg at banneret har vore i bruk under ein dialektaksjon for Norsk Målungd...
Banner frå arkivet til Norsk Målungdom. På banneret står teksten: "Språkleg rettferd i skulen!". Det er truleg at banneret har vore i bruk under ein dialektaksjon for Norsk Målungdom.
Banner frå arkivet til Norsk Målungdom. To bilete av eitt banner. På banneret står teksten: "Clemet er på sidespor". Det er truleg at banneret har vore i bruk under ein aksjon for ...
Banner frå arkivet til Norsk Målungdom. To bilete av eitt banner. På banneret står teksten: "Clemet er på sidespor". Det er truleg at banneret har vore i bruk under ein aksjon for Norsk Målungdom.
Banner frå arkivet til Norsk Målungdom. På banneret står teksten: "Lat dialektane leva!". Det er truleg at banneret har vore i bruk under ein dialektaksjon for Norsk Målungdom. Tek...
Banner frå arkivet til Norsk Målungdom. På banneret står teksten: "Lat dialektane leva!". Det er truleg at banneret har vore i bruk under ein dialektaksjon for Norsk Målungdom. Teksten inneheld bokstavar med nokre raude og nokre grøne bokstavar.
Flygeblad for Norsk Målungdom i Trondheim med informasjon om arbeidet i organisasjonen. Bladet er truleg frå hausten 1976. På baksida står det: "Bokmålet vert pressa på oss som det...
Flygeblad for Norsk Målungdom i Trondheim med informasjon om arbeidet i organisasjonen. Bladet er truleg frå hausten 1976. På baksida står det: "Bokmålet vert pressa på oss som det einaste naturlege og rette. Dialektar og nynorsk skal berre nyttast som kulturelle stasplagg. Studentar og skoleelevar - kjemp mot dette - vi må krevje rett til å nytte vårt eige mål i tale som i skrift. Snakk dialekt - skriv nynorsk! Slutt opp om NMU!" Flygebladet er på fire A5-sider.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».