History
-
Stulsbua (-selet) har stått på Lie på Kovstulheia, og er gåve frå eigaren K.G.Solheim. Namnet på setra er Sud-Solheims-Liè og storleiken var 1 ”slått” ( 12 mål). Ho ligg ca. 950 m.o.h. ovanfor skoggrensa og er den nest høgste av Solheimssetrane. Der er nokso verhardt, noko selet ber merke av. Denne stulsbua er truleg bygd av Halvor Kittilsen, eller av Kittil Halvorsen, son hans. (Sjå om stallen.)
Veggsvillene er av kløyvde furustokkar, og desse skal vere hogne på sørsida av Bekkestultjønna mellom Makketjønn og Lisletjønn. Der står ikkje slik skog i dag, berre for det meste bjørkeskog, men rotne furustuvar kan ein finne enno.
Ein eldre mann på Solheim fortalde at ein gong han og far hans tok upp tyrirøter ved Bekkestultjønn kom dei på nokre stokkar med borehol langsetter. Dette kunne tyde på at dei hadde tenkt å kløyve dei, og det var mogeleg virke som låg att etter at selet på Liè vart bygt.
Det er brukt vanlege byggemåten med gvåv til tak, torvvolar og raftar. På taket har det vore vindklave som var steinlest for vinden. Døra var gjord på gamalt vis utan gongjarn (hengsler ). I staden var ho gjord fast til ein stolpe som sveiv i dørstokken og treklave uppe på veggen. Det var hol i døra til å få handa gjenom og heilsmidd dørkrok på innsida. Bua var 6 m lang og 5,25 brei og hadde jordgolv. På bakveggen var det hjellar til stulsmaten. Mjølketroga var i dei øvste, osten i dei nedste. I seinare tid bruka dei forheng, eller bløyer, både fram- og attanfor hjellen (mot støv og røyk).
Det var to senger på langveggen, kuper (benker av kløyvde flak) og krakkar. Nokre var gjorde av fjellbrisk, ihopvaksen til ein runding. Eingong hadde ein lamunge fenge ein slik krakk rundt halsen, med krakkebeina peikande framover. Slik kom han til Bøenstulen om lag 2 km borte.
Der var også to stangskoler eller lekkjeskoler. Dette er jarn til å henge kjelen i. Skolene er feste til ein skolestaur, eller røykråte som er lagd tvers over upp på sperrene over eldstaden midt på tufta.
Røykopning i taket fekk dei til ved å skuve tilsides ei gvåv. Mellom kupene og hjellen hadde dei kinneroa (plass til koppar og stulsførning.)
I denne bua hadde dei stulsbruk kvart tredje år, kring fire veker av stulstida – 24/6 – 14/9. Dette fordi dei hadde årsskifte på dei ymse stular innan Solheim setergrend.
Mellom-Solheim hadde nedre /venstre) side i bua. Nord- Solheim hadde øvre eller høgre sida. Sud-Solheim (eigaren) hadde eiga bu sunnanfor.
Veden hadde dei til vanleg under sengene. Småkalvane hadde dei inne hjå seg og batt dei gjerne i sengestolpen eller veggen. Dei bruka kvar sine eiser ( eldstader) ute på vollen til primkok. Det var dele midt på hjellen, slik at dei to budeiene fekk kvar sin halvpart av bua.
Av budeier som har støla i denne bua, skal ein nemne: Margit Høgstrud, Aslaug Kaase, Gunhild K. Solheim og Tora og Gunhild T. Solheim. Siste budeiene der var Ingrid H. Solheim og søstrane Aslaug Aagot og Gunhild Solheim. Det var like før krigen. Dei åra dei nytta dei andre stulane, bruka dei bua til å binde buskapen inn i, i styggever.
Gjætsledagane delte dei inn slik at ”mjeltin” ( morgonykt) rakk frå kl. 5 til 8 f.m og langøktè ( kveldsykt) frå kl. 11 til sola stod lågt om kvelden. Når det var skjèn ( varmver) drog dei til fjells til Stavsro, tidlegast mogeleg. Buskapen vart mjølka to gonger om dagen.
I samband med denne setergrenda tek me tilslutt med ei lita soge:
Til Sud-Solem-Lie, sume seier Nord-Solem-Bekkestul, kom det ein haustkveld to tinnedølar. Det var brørne John og Per Roè. Dei hadde gjenge over fjellet og skulle ned til Tuddal. På vegen hadde Per vorte klein. Det drog på etterkvart, og då dei kom til Solheimsstulane, tok dei inn i ei av desse buene for å sjå om det ikkje ville rette på seg. Men det gjorde det ikkje. Det vart verre med han ettersom det leid. Utpå natta døydde Per der på Solheimsstulen.
John laut då ned til bygda og be om hjelp til å få broren heim. Det var gamle Torstein Nord-Solheim som køyrde den døde tinndølen til bygda. Dette hende medan dei bygde den nye vegen til Kovstulheia, og då måtte det vere i 1890-åra.
(Informasjon etter O.J. Rui/hentet fra tidligere museum aust)
Classification
-
- BygningerOUE 340
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierTUB BYGG 013
- Part of collectionTuddal bygdetun
- Owner of collectionTuddal bygdetun
- InstitutionNorsk Industriarbeidermuseum
- Date publishedOctober 6, 2020
- Date updatedNovember 3, 2020
- DIMU-CODE021058790655
- UUIDb4481397-cc4d-4de8-a272-761adec11ff0
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».