History
-
-
Stugo er frå Høgstrud, plass under Bøen, gnr. 97, bnr. 1 og 5.
Ho er truleg bygd kring 1800 av Petar frå Bøen, f. omkring 1780. Det er omlag slik ho er å sjå i dag: Med ein liten kove, re og dør ut imot vest.
Mønestugo har synlege taksperrer, hyller og hengehjellar, kronestokk / sperre gjennom romet frå garlege til garlege. To småruta glas vendt imot sudaust. Skåp og hyller er gjort av Kittil Gjuvstullien, men ei lita børstehylle manglar. Han sette denne inskripsjonen på sengeskåpet, senga og vidare bortpå ei hylle:
"Vem var det som Ringede på den største Klåke ved Kristi Kors, og Vem var det som Hugede det største Træ i Libanons Have."
Senga er av broren, snikkar Halvor Kittilsen Solheim, f. 1781. Utskurd og form var so fint fråseg gjord, at Johan Meyer gav det plass i ” Fortidskunst”. Desse vart selde på auksjon til Tone Hovde, som sidan let Bygdetunet få det attende til stugo.
Petar frå Bøen tok fyrst til å rydde nedom jordet, men flutte seg seinare høgare upp, seiest det. Der nede var det danseplass. Gamle Sud-Bøen spela og der ”dansa dei og slost med sud-bjåingane”. Petar var sterk og spræk og ikkje ”go' eigas' med”. ( Etter Ola Øveland. )
Den tid sonen Svein Petarsen skulle til Kyrkja og vigje, hadde dei på førehand teke vel mykje til seg av det ”sterke”. Dei køyrde heller kvasst, og so gjekk det slik til at Svein hadde kanta av sleden. Då dei kom fram, og brudgommen ikkje var med, var det ein som spurde: ” Men, horre blir det ta`n Svein, da? Då var det at ein svara: ” Å, han kjem a, det e`kje farleg med det.” ( Etter Ola Haugen.)
Svein var ikkje utom bygda, fortelst det. Ein gong i eldre år hadde han likevel kome seg utpå Raulandskleiva. Med han sto stirde, vart han vàr at det rauk ned i mot Sauland. Kanskje i Skogjetrakta eller Tjønnås. ” Å, du! Den verden è a vid. Der ryk det der uti med," sa han.
Høgstrud var, som sagt plass og dei måtte ”svara rettugheit ” med kornskurd til båe Bøen gardane. Svein Sveinsen, f. 1864, var den siste husmannen i Tuddal, ( død 1928).
I Høgstrud lyste det lenger enn nokor annan stad om kveldane. Svein dreiv med trearbeid og Liv med ”binding og sponne”. Svein fòr alltid varsamt fram. Han spurde soleis husbøndene om lov til å sage på eit lite glas imot vest i stugo.
Høgstrudstugo var større og meire avseg gjord enn vanlege husmannstugur. I haustkveldane braut Svein jord og mura steingard. Og det vart åker og eng.
(Informasjon etter O.J. Rui/hentet fra tidligere museum aust)
-
Classification
-
- Bygninger (Outline - extended) OUE 340
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier TUB BYGG 001
- Part of collection Tuddal bygdetun
- Owner of collection Tuddal bygdetun
- Institution Norsk Industriarbeidermuseum
- Date published October 6, 2020
- Date updated March 3, 2023
- DIMU-CODE 021058790650
- UUID 1612696f-8b1c-4d12-bde7-65d1600b645d
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».