History
-
-
Reisjåstugo er frå Vestre Reisjå, eller "Uppistugu" som dei sa. Dette var gnr. 111, bnr. 2
Eigar: Tov Halvorsen Bondal g.m. Margit Torlesdotter Reisjå som var av den gamle ætta på garden.
Stogustaden var ende ovanfor stugo på Nedre Reisjå, "Nistugu”. Bygningane låg så nær at det ikkje var stort meire enn plass til den gamle bygdevegen som gjekk mellom desse to bustadene.
Opprinneleg var det eitt bruk, så vart det delt i to. Truleg mellom Torkel og Folkvar Kittilsøner. Delelina gjekk gjennom husestaden, slik at t.d takdropet av stabbursloftet fall ned på grannen. ( Etter Torkjel Bondal.) Stugo skal ha hatt døra vendt imot nord. Merke etter dørkarmgåtten på endeveggen tyder på dette.
Det skulle være ein fredlaus som heldt til oppe i Buaråsen, (derav navnet). So hadde dei laga det slik at han kunne halde auge med det som stod på garden og kunne smette ned av og til og få noko til livsopphald. Dei sette merke ved døra når han kunne komme. Mannen på Reisjå hadde lånt pengar av han og stod liksom i skuld. (Fortalt av Torkjel og Halvor Bondal. )
I Solheimsbeitet, nære Reisjå, er ei fjellhole med navnet: "Mannehole”, som ser ut til å vere tillaga av menneskehand. Kan det vere den fredlause i Buaråsen som har vore her? Vegen var ikkje lang dit.
Gamle Torkjel Torkelsen fortalde at stugo hadde vore snudd tre gonger. Bygningen er gamal. Mellom dei eldste hus på Bygdetunet. Når han er bygd, kan ein ikkje nøye tidfeste. Men byggemåten med dei spisstelgde veggene tyder på at det er ei form dei bruka på 1600-talet (?). På stabbursloftet på Mellom- Solheim, som er frå denne tida, finn ein dei same sermerke, - ifølgje konservator Halvor Landsverk. Opprinneleg var ho bygd som årestugu, med eise (eldstad) på jordgolvet, ljore og utan glas. Berre glugger i veggen, mogeleg med ”skjå-skinn” for vintertid. Når sola nådde so høgt at ho sende si fyrste stripe inn gjennom ljore og glugg, var det som ei høgtid for folket.
Reisjåstugo fekk også sitt hamskifte, ifylgje den nyare tids tarv. Det var mogeleg i Kittil Folkvardsens tid – f. 1753 g.m. Aslaug Torkelsdotter Gjuvstul. Det er han som har navnet sitt på loftet.
Som ein ser var stugo av den vanlege typen som høyrer bygda til: - Ei høgde, med stort stugurom, kôve ( kave ) og rè eller fo(r)stòg med dør ut, då imot vest. Himling til soverplass og tropp upp bak stugusenga. Diger mønsås med to sideåsar, stødgjorde sperrer og kløyvde flak av godt verke i ondebona`n (taktroa). Taket var av never og jord. Det var berre to vindaugo i stuguromet, eit koveglas og eit lite himlingglas. Alle med små ruter. Nye vart innskrift i 1903 med ei lita endring. Elles var det vanleg gråsteins-spiss, tiljugolv og moldbenker rundt.
Av inventar finn vi: Stuguskåp, to kronesenger, mogeleg ei ”grind” til mjølkestellet og ”skivu” på langveggen mellom spissen og den omfram kronesenga. Klokka som er, er komen frå Haukås – innkaupt av Gunhild Solheim. Hengeskåp og kubbestolar med rad av islegne tenner rundt sessen, som skikken var. Vindaugshyller til almanakk og salmebok, langhylle til ølskåler og trøys. Hengjehjellar til reidskap og ljå, tørkeråter ved spissen og økseklavar i rèet.
Innreiinga, so nær som skåpet er gjort av
Kittil Kittilsen Gjuvstullien i 1837, ( sjå Johan Meyer: Fortidskunst ). Kittil var fødd på Sud-Solheim i 1790 og var bror åt loftsbyggaren Halvor Solheim. Han har innreidd dei fleste stuguhus i Tuddal.
Skåpet er av eldre dato. På skåpdøra står det 1782. Der har også stade eit namn, men det er bortsliti. Det er av ei anna type med mykje listedraging, ifylling og utkrota ting. Her finst enno fleire skåp og delar av innreidnad, men me kjenner ikkje noko til upphavsmannen. Har høyrt at ein Anders Sjoåsen var ein mester i trearbeid.
Båe kronesengene skal vere laga av Kittil. Men det er noko ved roseskurden på senga ved austre langvegg som ikkje synes stemme med hans handeferd.
Rosemålinga er utført av Ingebret Brekke frå Bondal, født i 1807-åra. Målinga er lagd på kvit botn som han vaneleg bruka. Han har laga denne innskripsjonen på skåpet og hylla over døra: ”Stat Hus i Herrens Fred, for vært et Misuns øye. Thi den misunte Jord den lader sig åkså pløye”.
På hyllaer det skrive: ” Her æder jeg mit Brød her fryter jeg min Gud, Velsignet vær den Sjæl som her går ind og ud”. Malet den 17.juni 1859. Ingebret Gunleksen Brekke.
På sengeskåpet har han sett namna åt husbondsfolket: Torkel Kittelsen Reisjå og Gro Guleksdtr. Ho var ifrå Sudigard Bondal. På senga står og: T.K.S.R. – G.G.d.R. På vindaugshylla er skrivi: Denne maling er bekostet af mig: T.K.S. – G.G.D. Der står og innskore med romertal 1837. Ingebret Brekke har elles måla gamlestugo i Åsen og på Nord-Vaale.
Det var kjellar i stugo, med lem i golvet. Den vanlege nedgangen var i senge- og kjellarskåpet.Stugo var bordkledd i om lag 50 år, fortel Gro, dotter åt Tov. Her hadde dei og den fyrste omn som kom til grenda.
På himlinget var det tri senger. Dei flutte ut sengene seinare på grunn av vegglus som før var vanlege i gamle stugur. Dei meinte vegglus kom når husmåsen var henta under briskeholt.
Dei fortalde og at dei høyrde orm uppi nævertaket. Han hadde dotte ned utanom veggen tilslutt. Det høvde han heldt seg i gamle torvtak.
Det har stått vedskjol inntil stugo. Ei eintekkje mot bakveggen med skjæltèl av kløyvde flak.
Reisjåstugo har vore halden i god stand, men det måtte skiftast inn ein del nye stokkar.
(Informasjon etter O.J. Rui / hentet fra tidligere museum aust)
-
Classification
-
- Bygninger (Outline - extended) OUE 340
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier TUB BYGG 002
- Part of collection Tuddal bygdetun
- Owner of collection Tuddal bygdetun
- Institution Norsk Industriarbeidermuseum
- Date published October 6, 2020
- Date updated March 4, 2023
- DIMU-CODE 021058790646
- UUID 6281EFA1-0803-4081-BF26-AF1F5D28A342
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».