History
-
-
"Heggdalstabburet"
Tømmeret i hovedrommet i stabburet har same novform som den eldste delen av loftet frå Heggdal.
Jacob Aaland skriv: "Helje Arneson Bagge sitt våningshus frå 1590-åra, vart seinare bytt på bnr.1 og 2: Det vart nedrive og av tømmeret bygde brukarane kvar sitt stabbur. Huset har opphaveleg vore bygd av rundt tømmer, som sidan er flat-tredd. Navene er i sitt opphavelege skap. Har hatt 8 kverv under bjelkane. På døri er knot. her står årstalet 1516" (Aaland 1974:296) Sistnemde inskr. viser ikkje lenger (AK Moe 2019)
Museet hadde i 1992 besøk av tekniske konservatorar frå Riksantikvaren, Tine Frøysaker og Terje Norsted for å sjå på dei to døma vi har på tak- og veggmåleri i Heggdalsstabburet og Tystadstabburet. Restane av takmåleri i førstnemde trudde dei var frå kring midten eller kanskje frå noko før midten av 1600-talet.
Iflg. tradisjonen skal stabburet vere ombygd frå eit stovehus (eine halvdelen av stova). Stabburet har vore kobla til eit staseleg hus som har stått på Heggdal gnr. 49 Innvik, no gnr. 129 Stryn.
Dekorerte (måla) bjelker, fire, skal vere dei som no ligg over stabbursrommet. Dei har hatt innskrifter som Jacob Aaland kunne lese:
1.bjelke: "JEG LIGGER OG SOFUER OC OPVAAGNER THI HERREN OPHOLDER MIG JEG FRØGTER ICKE FOR HUNDREDE TUSINDE SOM LEGGE SIG TRINDT OMKRING I MOD MIG"
2.bjelke: "DETTE HUS BYGDE HELIE ARNESØN MED SIN EGEN HAND ANNO 1593"
3.bjelke: "SOM SOLEN, NAAR HON ER OPGANGEN, ER EN PRYDELSE PAA HERRENS HØYE HIMMEL, SAA ER EN DYDELIGQINDE I SIT HVS. SIR"
4.bjeke: "JEG LIGGER OG SOFUER ALDELIS MET FRED, THI DU HERRE HIELPER MIG ALENE, AT JEG BOER TRYGGERLIGEN. STABB.... ANN..."
-
Oppføring - 1600 — 1700 (Jacob Aaland daterer bygget ti l1600-talet. Riksantikvaren har datert takmåleri til fyste halvdel av 1600-talet.)
Gjenbrukstømmer etter Helge Bagge si stove frå 1590-talet (derav inskr. 1593 på bjelke) - Historisk hendelse, person, sted, med tilknytning Bagge, Helge Arneson
-
Eierskap
"Hansbruket" på Heggdal, gnr./ bnr. 49/2 Innvik (no gnr/bnr 123/2 Stryn - Tidligere plassering Stryn Innvik Heggdal
-
Flytting
Kjøpt saman med loft for kr.600 i 1915. Seljar var Hans. J. Heggdal på bruk nr.2. I prisen gjekk inn at han skulle vere med å ta ned husa og leggje dei opp. - Selger til museet Heggdal, Hans Jensson
-
Gjenoppføring
Heggdalshusa sett opp i museet i Åsen i 1918, innreidd i 1919, bordkledt i 1920 - Overført til egen samling Norge Sogn og Fjordane Gloppen Åsen Nordfjord Folkemuseum
-
Flytting
Flytt med museet frå Åsen til Jølet - Overført til egen samling Norge Sogn og Fjordane Gloppen Sandane Jølet (Friluftsmuseet til Nordfjord Folkemuseum)
-
Relation
- Related objects Building NFM.210
References
-
- Litteraturreferanse Bygdesoga Innvik Stryn bd.II Ny utgåve 1974 s.289 (Heggdal)
- Litteraturreferanse Aaland, Jakob: Nordfjord fraa gamle dagar til no. Del 2 3 2 : Dei einskilde bygder Innvik – Stryn. (Heggdal s.88)
- Fotoreferanser Årbok for Nordfjord 1988 s.19: Bilde av Loft og stabbur frå heggdal i (Det står Dispastova i bildeteksten, men det er feil)
- Litteraturreferanse Berg, Arne: "Heggdalsstabburet" I : Årbok for Nordfjord 1990 s107.
- Arkivreferanse Teikning i arkivmappa 610.10 (NFM) av korleis bygningane stod i tunet i 1880.
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier NFM.235
- Part of collection Nordfjord Folkemuseum
- Owner of collection Sogn og Fjordane
- Institution Nordfjord Folkemuseum
- Date published December 21, 2019
- Date updated November 12, 2020
- DIMU-CODE 021058479398
- UUID 221B2DD3-C641-49FD-9E60-AC33423F819E
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».