History
-
-
"Sætastova"
Iflg. Jacob Aaland var denne stova ei av dei største og gildaste stovehus i Nordfjord.
Folket på Ola-bruket nytta huset til stove fram til 1834, då bygde dei seg ei ny røykstove. Då vart denne (gamle) stova kalla masstove og nytta til dette formålet: Dei budde i masstova om sommaren. Huset vart også brukt av alle på Sæten til å koke i ved bryllaup, gravøl og gjestebod. Sjølv når dette var om sommaren, flytte ikkje husets folk ut av stova under dette. Den siste gongen stova vart nytta på denne måten var i eit bryllaup i 1892.
Det var også gamal skikk at lodølane tok inn her når dei skulle i bryllup eller gravøl. Mat hadde dei med seg, og der tok dei ei matskvild før dei reiste vidare. Med den nye vegen i 1878 slutta den daglege ferdsla gjennom Sætatunet.
Flytt til nytt tun ved utskiftinga, utan skot og kove.
Sist vart huset nytta til smie.
(informant Synnøve Sæten (f.1879), oppvaksen på garden)
Merker tyder på at stova opphaveleg var lågare. Det har vorte lagt inn omfar av nye stokkar, og der vart bygd skot på begge langsidene. Om dei ikkje vr opphavelege, hadde dei nok vore der ei stund - då dei reiv skota i 1896 var stoveveggane "kvite".
Det var ikkje glas opphaveleg, berre gluggar på veggane. Det er uvisst når det vart sett i glas. Kan vere ved den siste store reperasjonen av stova i 1812. Då skulle det haldast bryllaup for dottera på garden, og stova vart sett i stand. NB! I festskrift til opninga av museet skiv L.Søreide at det opphaveleg berre var eit glas. Ved glaset til venstre (sett innanfrå) syner ei beitski at glaset må ha vore 71 cm høgt. Noverande glas er 110b x 90h.
-
Oppføring 1600 - 1700 (Jacob Aaland: "truleg 1600-tal")
Sætastova stod med gavlen mot fjellet i det gamle gardstunet. -
Eierskap
"Olabruket" på Sæten i Loen, gnr/bnr 80/5 Stryn - Tidligere plassering Norge Sogn og Fjordane Stryn Loen Sæten
-
Bruk 1834
Stove - Informant Sæten, Synnøve
-
Bruk 1834
Matstove -
Flytting 1896 (Utskifting)
Utskifting på Sæten, og Ola-bruket laut flytte ut av det gamle gardstunet. På det nye tunet vart ho sett opp uten skota på sidene. Røykomnen vart oppsett, men uten omnsbrik. Koven vart heller ikkje oppsett., slik at utdøra/forstova vart like brei som stoverommet. -
Flytting
Solgt til museet for kl.300,- Innbuet fylgte ikkje med. - Selger til museet Sæten, Kasper
- Overført til egen samling Norge Sogn og Fjordane Gloppen Åsen Nordfjord Folkemuseum
-
Gjenoppføring 1916
Første hus som vart sett opp på Nordfjord Folkemuseum i Åsen. Innført i protokollen for Nordfjord først i 1956 -
Flytting 1966
Flytt med museet frå Åsen til Jølet på 1960-talet, den siste av bygningane som vart flytt. - Overført til egen samling Norge Sogn og Fjordane Gloppen Sandane Jølet (Friluftsmuseet til Nordfjord Folkemuseum)
-
References
-
- Litteraturreferanse Bygdesoga Innvik Stryn Bd.I, Ny utgåve 1973, s645 (Sæten)
- Litteraturreferanse Årbok for Nordfjord 2011, s.156
- Litteraturreferanse Loen, Olav og Petter Eide 1990: "Olastova frå Sæten i Loen" I Årbok for Nordfjord 1990.
- Fotoreferanser Årsmelding Nordfjord Folkemuseum 1990.
- Litteraturreferanse Aaland, Jacob: Nordfjord frå gamle dagar til no, Innvik og Stryn II, s.365
- Arkivreferanser Synnøve Sæten fortel m.a. om inreiing og bruk. Arkivmappe 610. 23
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier NFM.237
- Part of collection Nordfjord Folkemuseum
- Owner of collection Sogn og Fjordane
- Institution Nordfjord Folkemuseum
- Date published December 21, 2019
- Date updated November 12, 2020
- DIMU-CODE 021058479401
- UUID 118960E8-8F09-40A1-96E5-92A60B5EFE47
- Tags
Add a comment or suggest edits
For å publisere en offentlig kommentar på objektet velger du «Skriv en kommentar». For å sende en henvendelse direkte til museet velger du «Send en henvendelse».