Part of exhibition
History
-
-
Stallen med fôrtrev er frå Dalen, gnr. 32, bnr. 19, i Hovet. Stallen er truleg bygd kring 1805/1810, og kom til Hol Bygdemuseum kring 1960.
Stallen har to rom i fyrste høgda, ein hestestall og ein sauestall. I andre høgda er det fôrtrev, slik det vanlege var. På fôrtrevet køyrde dei det finaste fôret til hesten. Den er tømra, har fått bordtak i nyare tid og det er lagt golv i fyrste høgda. Tidlegare har det truleg vore jordgolv her.
Dei gamle gardshusa i Dalen vart sumaren 1959 lånt ut til 150-årsjubileumsutstillinga til Selskapet for Norges Vel på Ekeberg ved Oslo, kalla «Oppigard». Oliva Olsdotter Dalen (f. 1894) og Knut Knutson Trøen Dalen (f. 1888), og Guro Andresdotter Lerberg (1886-1962) og Stein Steinson Villand (1886) frå Nordre Villand, var heile tida med der for å fortelje om og vise korleis livet og arbeidet på ein slik hallinggard var. Etter utstillinga vart husa selde til disp. Rolf Brauer i Oslo, som flytte dei til Brandbu i Oppland til feriestaden sin der. Utvendig var dei uforandra. Stallen derimot kom til Hol Bygdemuseum, og etter avtale med eigaren (seljaren) Ola K. Dalen (f. 1916), kosta museet transporten av stallen tilbake til Hol.
-
Classification
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier HOL-bygning 06 Staller
- Part of collection Hallingdal Museum
- Owner of collection Hallingdal Museum
- Institution Hallingdal Museum
- Date published November 4, 2015
- Date updated February 15, 2023
- DIMU-CODE 021055992103
- UUID 7D85F0D2-01B5-4A62-8623-E0F4FFA614F2
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».