• Dale kyrkje, Luster

Dale kyrkje i Luster i Sogn er ei steinkyrkje frå fyrste halvdelen av 1200-talet, rikt utstyrt med både bygningsskulptur i kleberstein, og eldre interiør frå mellomalderen og etter reformasjonen, som er teke vare på. Kyrkjeskip og kor er rektangulære og koret er rett avslutta. Våpenhuset og takryttaren over inngangen i vest er bygde til på 1600-talet.

Vestportalen i kleberstein er spesielt imponerande, med tre par halvsøyler og høg, spissforma boge. I Noreg er det berre Nidarosdomen som har rikare utforma portalar frå denne perioden. Korveggene er dekorerte med kalkmåleri frå slutten av 1500-talet, og somme stader ser ein delar av eldre veggdekor frå 1300-talet.

Inventaret i Dale kyrkje er frå ulike tidsepokar. Døypefonten frå 1200-talet er av kleberstein og har firkløverform. Preikestolen er i renessansestil frå 1600-talet, medan den barokke altertavla og minnetavlene er frå kring 1700. Kring 1900 vart kyrkjebenker og galleri fornya, attåt to av vindauga mot sør. Preikestolen har bilete av evangelistane i sidefelta, og hovudfeltet i altertavla har figurframstillingar av Krossfestinga med Maria og evangelisten Johannes ved foten av krossen, flankert av Moses og døyparen Johannes. På toppstykket står den oppstådde Kristus med sigersfane.

Kjelder:
Ekroll, Øystein og Morten Stige: Kirker i Norge 1, Oslo 2000
    Photo: Hovedorganisasjonen KA

Dale kyrkje, Luster

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to