History
-
Hovudbygningen er teikna av den verdskjende arkitekten Sverre Fehn og er heidra med den fremste utmerkinga for arkitektur i Noreg, Houens fonds diplom. Han fekk æresoppdraget av dåverande statsråd Åse Kleveland i 1996, og etter ti års tankearbeid og eitt års byggjetid stod nybygget ferdig våren 2000. Bygningen er teikna i samspel med landskapet og dei historiske omgivnadene, og både i form og tanke spring den ut av eit møte mellom fortid, notid og framtid.
I publikumsetasjen er der 350 m² basisutstillingar om den nynorske skriftkulturen, kafé med 45 sitjeplassar til vanleg, og ein sal med 110 sitjeplassar og 40 ståplassar. I underetasjen er det 12 kontorarbeidsplassar for fast tilsette, 4–6 arbeidsplassar for gjester i biblioteket, møterom, arkiv- og gjenstandsmagasin, tre tekniske rom og tre garderobar.
Hovudbygningen blei teken i bruk av dei tilsette 29.05.2000 og blei opna for publikum 22.06. same året. I 2007 vart hemsen sikra med rekkverk og tilgjengeleg for publikum.
Relation
Classification
References
-
- LitteraturreferanseMuseumsarkitektur, En studie av nyere norske museumsbygg, av Hege Maria Eriksson, ABM-utvikling
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier IAAM-B-0005
- Part of collection Ivar Aasen-tunet
- Owner of collection Nynorsk kultursentrum
- Institution Nynorsk kultursentrum
- Date published August 13, 2021
- Date updated August 3, 2024
- DIMU-CODE 0210510501014
- UUID 1a2aa1c0-12d7-434a-bbab-29e24c1912b5
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».