• Plakat for Dei nynorske festspela i 2003. Dei nynorske festspela er den fremste festivalen som feirar nynorsk skriftkultur og dialektane. Festivalen vert arrangert årleg i Ørsta / Volda. Temaet i 2003 var "Heimover?". Leiar i fylkeskulturutvalet Aud Folkestad hadde opningstalen, medan det var opningskonsert med Vestlandsfanden, Hellbillies og Kjartan Fløgstad. Festspeldiktar dette året var Marie Takvam, og Margreth Olin var festspelkunstnar. Gunnar Garbo heldt stemnetale, medan Arnfinn Haram hadde preike. Andre konsertar var med "Lur på tur" og "Dvergmål". Det var minneforedrag av Geir Sverre Braut med temaet "Verdiar ved grensa". Nynorsk kultursentrum var arrangør for arrangementet. På plakaten dette året vart eit kunstverk av festspelkunstnar Margreth Olin nytta. Plakaten er i glas og ramme. Innramming er utført av Margaret Snipsøyr i september 2003.

Kjelde:
https://www.allkunne.no/framside/tema-nynorsk/institusjonar-organisasjonar-med-meir/dei-nynorske-festspela/29/860/ (Lesedato: 13.08.2020)
    Photo: Almedal, Henry / Nynorsk kultursentrum (Opphavsrett)

Dei nynorske festspela [Plakat for Dei nynorske festspela 2003]

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits
Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to