History
-
-
Kilde:"Far etter folk i Hallingdal" av Tom Bloch-Nakkerud.
"Stokkebåten kjem frå Buvatnet i Austmarka i Nes nær grensa mot Oppland. Der vart han funnen av Knut Engene først i 1950-åra. Endå om vi no har eit visst oversyn over alderen, knyter det seg fleire spørsmål enn svar til stokkebåtane. I dei fleste av stokkebåtane er det bora hol. Langs kantane er det gjennomgåande hol der skvettbord eller stabiliserande stokkar kan ha vore festa. Slik blir båtane kjelder til nye spørsmål. Somme av svara ligg nok i og omkring båtane der dei vart funne. Men fordi oppdaginga av dei ikkje har vorte følgt av eigentlege utgravingar, veit vi ikkje noko om losna deler, årer, stakar, fiskereiskapar eller anna. Der stokkebåtane er funne i område med spor etter jakt og jernutvinning, er det ikkje utenkjeleg at dei har vore nytta til å frakte slakt, malm og jern. Det er 400 meter frå funnstaden til næraste slaggførekomst. Ei prove furukol derifrå er 14-C dater til år 1160-1300 og kan såleis vere samtidig. Særleg stor lasteevne hadde ikkje stokkebåtane. Det at stordelen av funna andre stader i landet ikkje kan knytast til jernvinne, gjer og at vi bør leite etter ein annan hovedfunksjon. Vatna der det er funne stokkebåtar er oftest små, mange gonger berre tjørner. Kankje det er mest rimeleg å knyte desse båtane til fiske med garn og andre faste innretningar."
-
Produksjon - 1160 — 1300 (ca årstall. ifølge Tom Bloch-Nakkerud, "Far etter folk i Hallingdal")
-
Classification
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier HFN 03194
- Part of collection Hallingdal Museum
- Owner of collection Hallingdal Museum
- Institution Hallingdal Museum
- Date published March 26, 2021
- Date updated November 30, 2023
- DIMU-CODE 021029679591
- UUID a02a2c28-2f9a-464f-8107-3e0da39eafed
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».