• Stakk, blir i dag brukt som understakk til bunad.
Sauma av svart kamelot, moire-behandla. Maskinsauma.
Lapp: G.F. og  tala 1905 brodert inni linningen.
Er usikker på om stakken er omsydd av eldre stakk, eller at stoffet har lege ei stund før det vart brukt til denne stakken. Stoffet framstår som mykje eldre enn snittet i stakken.
Skjørtet er sett saman av 5 utskrådde delar, 48,5cm. Øvre del er og sydd med 4 innsnitt oppe i livet, i tillegg til ei djup fald på kvar side av open splitt midt bak. Merkjer etter brei hengefald rundt heile skjørtet i nedkant av øvre del. Under denne er påsett ei skråklipt kappe, hg 22cm. Kappa spilar ut nede ved at det er sydd smale legg med maskin i grupper på 8, 8 stader fordelt javnt rundt kappa.
Neste kappe er 10cm høg. denne er lagt med legg med svært smal innbrett, etter øvrekanten. Også denne remsa er skråklipt.
Nederste kappa er gjort på same måte, 10,5 cm høg og skråklipt. 
I nedkant av nedre kappe er påsydd eit kosteband, svart av mohair-kvalitet.
    Photo: Norsk institutt for bunad og folkedrakt

Stakk

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Select the images you want to order

Share to