• Trestykkslue, sauma av to sidestykkjer og eitt midtstykkje. Hovudstoffet av kvit silkesateng, denne har nesten smuldra bort (antakeleg betynga av saltmetallar). No syner nesten berre foret av kvit fast litt tjukk bomullslerret. Framme på hovudet er forma ei krone med tre snippar, sauma av lys rosa litt tynn silkedamask. Krona er kanta med blomstermønstra fløyelsband, det same er framkant og nedkant. Brodert litt spreidt med små motiv sauma av silketråd i fleire fargar, brodert gjennom både hovudstoff og for. I kvar snipp av krona er det påsydd ein liten perlemorsknapp, og bakanfor snippane er påsett tre store ullduskar, av laustvinna anelinfarga ullgarn. I framkant er det festa ein pipefalda kvit kjøpeblonde, lagt i fleire lag, sydd til for hand. Dei tre luedelane er sydd saman med maskinstikningar, gjennom fire lag stoff, og med sårkantane vendande inn i lua. Sårkantane er kasta over for hand med kvit sysilke. Framme i kvar nedkant er det sydd fast endane av eitt lysfiolett taftsilkeband.
    Photo: Norsk institutt for bunad og folkedrakt

lue

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Select the images you want to order

Share to