• Laskeklype i bjørk. 2 litt bogeforma trestokkar med rektangulært tverrsnitt, den eine litt stuttare enn hin. Kløft i eine enden på den stuttaste, ein tretapp gjennom den lengste trestokken går inn i kløfta i den stuttaste, festa saman med gjennomgåande trenagle. Nebb i den eine enden av trestokkane, her smalnar trestokkane av slik at dei er spisse og 9,7 cm breide. Jarnbeslag ytst på kvar stokk på nebbet. Innafor nebbet hol med gjenger på innsida tvers gjennom båe trestokkane, jarnbeslag på oversida. Treskruve gjennom desse hola som pressar nebbet saman. Trestokk i gjenger i enden fungerer som mutter.
    Photo: Hallingdal Museum

laskeklype

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to