Strandebarmaren har fire bordgangar, skvettripe på innsida av esingene, tolleganger og låge stamntoppar. Det er ein færing, men har berre eitt årepar. I det bakre rommet står motor ...
Strandebarmaren har fire bordgangar, skvettripe på innsida av esingene, tolleganger og låge stamntoppar. Det er ein færing, men har berre eitt årepar. I det bakre rommet står motoren, ein einsylindra luftkjølt Kohler (produsert i USA). Ein kan sjå at båten er bygd for motor på gjennomføringa av propellhylsa. Propellen har to blader og er vribar. Det er ikkje kopling. Aktertofta har hengsla ryggstøtte som kan vippes ned.
About the object
about
Strandebarmaren har fire bordgangar, skvettripe på innsida av esingene, tolleganger og låge stamntoppar. Det er ein færing, men har berre eitt årepar. I det bakre rommet står motoren, ein einsylindra luftkjølt Kohler (produsert i USA). Ein kan sjå at båten er bygd for motor på gjennomføringa av propellhylsa. Propellen har to bla... Strandebarmaren har fire bordgangar, skvettripe på innsida av esingene, tolleganger og låge stamntoppar. Det er ein færing, men har berre eitt årepar. I det bakre rommet står motoren, ein einsylindra luftkjølt Kohler (produsert i USA). Ein kan sjå at båten er bygd for motor på gjennomføringa av propellhylsa. Propellen har to blader og er vribar. Det er ikkje kopling. Aktertofta har hengsla ryggstøtte som kan vippes ned.
Denne strandebarmsfæringen blei laga til som ny med ein liten innabordsmotor. Å montera slike luftkjølte bensinmotorar i robåtar var vanleg på 1950- og 60-talet, før påhengsmotoren slo heilt gjennom. Motoren som står i er av merket Kohler, elles så var Clinton det vanlege merket i bruk i Norheimsund-/Øystese-området.
Båten er bygd i Strandebarm som ein typisk båt berekna på Austlands-marknaden. Den har tolleganger og ikkje keipar. Båten blei kjøpt ny frå Strandebarm eller Tørvikbygd i 1963 av Arnt Isaksen, Uskedalen. Han var pensjonist og brukte båten til heimefiske.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».