Hardanger og Voss Museum

Samlingane våre har stor tematisk breidd. Her finn du alt frå folkemuseum - og kunstsamlingar, til maritime samlingar knytt til fartøy og kystkultur. Museet har eit stort fokus på handlingsboren kunnskap via tilrettelegging for utøving, og har også gjenstandssamlingar knytt til dette.

1 new objects last 30 days

About Hardanger og Voss Museum

Hardanger og Voss museum vart etablert som eit konsolidert museum i 2006. Museet har stor geografisk spreiing og stor tematisk breidd, og driv innsamling, bevaring, forsking og formidling tufta på kulturuttrykk frå fortid og samtid. Gjennom sitt faglege arbeid er museet med på å synleggjera Hardanger og Voss lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Museet er ein open møtestad der publikum kan studera, oppleva og finna utfordringar.

I tillegg til kulturhistoriske museum omfattar Hardanger og Voss museum eit av dei få reine skulpturmusea i landet, eit kunsthus for kunst av høg internasjonal kvalitet, og eit freda mellomaldertun av nasjonal verdi.

Museet er regionsmuseum for dei åtte kommunane Eidfjord, Granvin, Jondal, Kvam, Odda, Ullensvang, Ulvik og Voss, og driv i tillegg eit nasjonalt senter for fartøyvern, og ein barnevernsinstitusjon.

Samlingane til Hardanger og Voss museum er prega av den store faglege spennvidda til museet. Her finn ein mellom anna ei av landet sin største samling av bringeklutar, bunadar og hardangersaum, likeeins landets mest komplette samling eldre og nyare hardingfeler. Me har ei stor samling fartøy, båtar og maritime minne. Ei større samling skulpturar etter Ingebrigt Vik og fleire fotosamlingar etter mellom anna Anders P. Wallevik, og Jon Bleie. I tillegg har me ei stor samling lav knytt til Havaas samlinga.

You'll find us here

Share to