History
-
Båten var bygd for konsul Kjær i Bergen av Oma Båtbyggeri på Stord i 1917 for ein avtalt pris på 4000 kroner. Malararbeidet blei utført av J. Kattetvedt og K. Risan på Leirvik. Etter at A/S Tyssefaldene overtok drifts- og eigaransvaret i 1949, blei motoren skifta og innreiinga modernisert. Båten endret no namn til M/Y «Tysso». Tidlig på 1960-talet fekk M/Y «Tysso» ny lettbåt i mahogni, også den bygd av Ole Oma.
I 1997 vart MY Tysso oppført på Riksantikvaren si liste over verneverdige fartøy. Restaureringa ved Hardanger Fartøyvernsenter har kosta over 7 millionar. Det meste av treverket er skifta ut med nytt.Produksjon - Konstruksjon og bygging: 1917
Ola Oma (1880-1967) dreiv Oma Båtbyggeri i Døso, ikkje langt frå Leirvik på Stord. Han konstruerte og hadde hovudansvar for bygging av båten.Eierskap: 1917
Konsul Christian Kjær (1865-1935) ting og eigde båten først, frå 1917 til 1919, under namnet "Ilka". Glomfjord Smelteverk i Nordland, eigde båten frå 1919 til 1923 under namnet "Knut" (men smelteverket gjekk konkurs i 1921) DNN Aluminium i Tyssedal eigde båten frå 1923 til 1947 under namnet Aluminium. AS Tyssefaldene overtok eigarskap og drift frå 1947 til 1987 under namnet MY Tysso. Oma Båtbyggeri overtok eigarskap og drift frå 1. juli 1987 til 1995. Gruppa Tysso A/S kjøper båten i 1995 og eig til 2004 Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum overtar eigarskapen.
References
-
- Arkivreferanse- M/Y Tysso: rapport etter synfaring. Oma Båtbyggeri. M/Y Tysso M/B Tysso. År 2003 - M/Y Tysso; Korrespondanse ang. kjøp frå Glomfjord smelteverk. Kopiar frå arkivet OLA/174 DNN Aluminium [i arkiv Kulturhistoriske opplysingar ved Kraftmuseet] . I bibliotek ved Kraftmuseet
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierNVIM-05978
- Part of collectionKraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionKraftmuseet
- Date publishedSeptember 2, 2022
- Date updatedSeptember 26, 2023
- DIMU-CODE0210211771984
- UUID33be6d32-ca7c-48e1-9b9a-937910688ff7
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».