• Forkle.
Sydd delvis for hans, delvis på maskin. 
Hovudstoff av tynt, men stødig sateng (lasting) med brun bomullsrenning, og svart innslag av anten bomull, silke eller viskosefiber. Ei stoffhøgd med jare i båe sider. Rynka inn til 31,5 cm breidd øvst ved linninga med synleg svart rynketråd, med høvesvis 8,5 cm (venstre) og 9 cm (høyre) breie rynkefelt på kvar side av eit ca. 14 cm breidt, glatt midtstykke.
2 cm høg linning av forklestoffet. Lagt til rette mot rette, og sydd med maskin. Bretta rundt på 
vranga, bretta inn og sydd ned med maskinsaum med svart tråd, som samtidig syr att venstre kortside, der sårkantane er bretta, og høgre kortside, der det er jarekant. I kvar ende av linninga sit det att restar av det som ser ut til å ha vore knyteband av brunt, tvinna ullgarn.
12,5-13,2 cm høg skoning/fald av forklestoffet, som berre er bretta opp i nedrekanten, bretta inn og sydd fast med små faldesting for hand med svart tråd. Desse syner som små prikkar på retta. Skoningen/falden er lukka med faldesting også i sidene, der jare lagt på jare.
Ca.3 cm opp frå nedre kanten er ein ca.2,5 cm høg sylvknipling med doble vifter og nettbotn, sydd fast for hand med svart tråd. Kant-i-kant med kniplingen er eit silkeband med ljos og mørk rosa, lilla og kvite blomar, gule og grøne blad på brunsvart lerretsbotn, sydd fast med maskinsaum. 
I endane er bandet bretta inn og sydd ned med faldesting for hand. Både bandet og kniplingen er sydde på før skoningen/falden er bretta opp, så dei får liten avstivande verknad.
Forkleet er i svært god stand.
    Photo: Nilsen, Ragni Engstrøm / Norsk institutt for bunad og folkedrakt

forkle

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Select the images you want to order

Share to