• Forkle.
Sydd delvis for hand, delvis på maskin.
Hovudstoffet av svart, nokså lett, litt ru, men spenstig og blank jaquardvoven ulldamask.
Ei stoffhøgde med jare i båe sider. Faldelagt til 30 cm breidd øvst ved linninga, med 6 faldar på kvar side, som er lagde utover frå eit 15,5 cm breidt, glatt midtstykke.
3,7 cm høg linning av brunt, nokså tynt, lett valka lerretsvove ullstoff, som kan vere heimevove.
Lagt rette mot rette, og sydd for hand med brun lintråd. 
Bretta rundt på vranga, og sydd ned med faldesting over sårkanten. Støttestikning sydd med prikkesting for hand med brun lintråd gjennom to lag stoff. I kortendane er det sårkantar, som  er festa saman med kastesting. Linninga har retar av nokså, tjukt, brunt ullgarn, som har vore sydd fast. Det er ikkje opplagt kva det har bruka til.
Ca. 15,5 cm høg skoning av grønt, lerretsvove, nokså tjukt og stivt, valka ullstoff som kan vere heimevove. Festa til forklestoffet i overkant med faldesting for hand med brun lintråd. Restar av ubleikt og brun lintråd her og der, som om noko har blitt spretta av.
6,1 cm breidt silkeband med raude og rosa blomar og gule, ljos oransje og grøne blad på svart satengbotn. Kantbord av innslagslykkjer. Kortendane er stukne innunder kanten på ei 4,5 cm brei kanting av mørkebrun silkefløyel. Silkebandet er i overkant sydd fast med små faldesting for hand med brun lintråd, som går tvers gjennom skoningen. I underkant er det sydd fast med svart silk eller bomullstråd til noko som ser ut som eit kvitt/ljost innleggsstoff.
Den brune silkefløyelskanten er skøytt i hop av tre stykker som er samansydde for hand. 
Fløyelsstoffet er lagt i vinkel i hjørna. Den horisontale delen ser ut til å vere sydd fast rette mot rette med maskin, medan dei vertikale er sydde rette mot rette for hand. Øvrekantane på dei vertikale delane er bretta inn og sydde fast med små faldesting for hand. 
Deretter er kanten bretta rundt og inn og sydd ned med faldesting for hand.
Fløyelskanten går 15-15,5 cm oppover på kvar side, målt frå nedrekanten.
Forkleet har fleire små hol, men er i hovudsak i god stand. Det har fleire teikn som tyder på at det kan vere eit eldre forkle, som er sydd om for å høve til ny draktskikk.
    Photo: Nilsen, Ragni Engstrøm / Norsk institutt for bunad og folkedrakt

forkle

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Select the images you want to order

Share to