• Forkle.
Sydd på maskin. Hovudstoff av brun, lett ull med jaquardvovne blad og prikkar på lerretsbotn, i tillegg til skarpt rosa og grøne brosjerte blomar og langsgåande striper og trekantbordar i satengbinding, som truleg er av silke. Ei stoffhøgd med jare i båe sider. Faldelagt inn til ca. 23 cm breidd øvst ved linninga, med 6 faldar på kvar side, som er lagde utover frå eit 9,5 cm breidt glatt midtstykke.
Ca. 2,3 cm  høg linning av brunt, satengvove, nokså stødig stoff, truleg av bomull. Lagt til rette mot rette, og sydd med maskin. Bretta rundt på vranga og bretta inn. Kortendane er bretta inn, og rundt alle fire sider av linninga er det sydd ein stikning på maskin med brun tråd.
Ca. 16-16,5 cm høg skoning av mørkegrønt, nokså tynt og lett lerretsvove ullstoff. Kan vere heimevove. Festa til forklestoffet i overkant med ein brun rettsaum på maskin.
Ca.1,8 cm brei kanting av svart silkesateng, skøytt med vrangsaum på maskin på to stadar og lagt i vinkel i hjørna. Satengstoffet er lagt rette mot rette (skoningen), og sydd fast med maskin. Bretta inn kortendane, og over på retta. Festa med ein stikning som går ca. 1 cm inn frå ytterkanten. Skråbretten i hjørna er også festa med maskinstikning.
Oppå silkekanten er det sydd eit 3,5 cm breidt silkeband med vinraude, rosa, lilla, blå og gule blomar, og grøne og kvite blad på svart satengbotn. Bandet er lagt i vinkel i kvart hjørne, og bretta inn i endane. Så er eit ca. 3,2 cm breidt silkeband med blomar i ljos og mørk rosa, lilla, gult og raudt og grøne blad og kvite kornaks på svart satengbotn stukke innunder det fyrstnemde bandet både på kortsidene og eine langsida. Til sist er banda sydde fast tvers gjennom alle lag med svart rettsaum på maskin, også i dei skrå innbrettane i hjørna.
Fløyelskanten og bandet går 16,5 og 17 cm oppover på kvar side, målt frå nedrekanten.
Forkleet er i svært god stand.
    Photo: Nilsen, Ragni Engstrøm / Norsk institutt for bunad og folkedrakt

forkle

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Select the images you want to order

Share to