• Forkle.
Delvis handsydd, delvis maskinsydd. 
Hovudstoffet er svart, relativt fast og glatt jaquardvove damaskstoff. Ei stoffhøgd med jare i båe sider.
2,8 cm høg linning av same stoff som forkleet, bortsett frå eit stykke drapè som er skøytt på med maskinstikning i venstre side. Vrangsydd til retta med maskin, bretta rundt og inn på vranga, og sydd ned med maskinstikning gjennom alle lag frå retta. I eine enden er det jarekant, og i andre er drapeen bretta inn. Båe endar er sydde saman med maskinsaum. 
Linninga har merke etter påsydd forkleband.
Faldelagt inn til 46 cm breidd med 3 faldar på kvar side, som er lagde utover frå eit ca. 14,3 cm breidt glatt midtstykke.
14,6 cm høg skoning av kypertvoven, fast vadmål i ein farge som skiftar mellom grønt og svart. Det kan sjå ut som eit grønt stoff som er ujamt overfarga med svart, eller eit svart stoff som har falma til det har fått grønskjer. I venstre side er det skøytt inn ein liten trekant i brun, kypertvoven vadmål. Delane er samansydde med kastesting. Skoningen har restar av kastesting med brun lintråd langs både over og nedrekanten  og hist og her elles.
Eit 3 cm breidt silkeband har roser i to raudnyanser og grøne blad, og blå blomar med gule blad, på svart botn i renningsrips. Dette er montert i vinkel i hjørna, og er sydd fast med maskinstikning med raud overtråd og svart undertråd, også i hjørna. 
Over og kant-i-kant med dette er eit 1,8 cm breidt silkeband montert på tvers av forklebreidda, med endane stukne innunder dei verikale delane av det fyrstnemde. Dette bandet har roser i to raudnyanser og grøne blad, og blomar i kvitt og lilla med brune blad, på ein svart, lerretsvoven botn. Her er bandet sydd fast med maskinstikning med grøn overtråd og svart undertråd gjennom alle lag. Stikningane har dekorativ effekt, i tillegg til at dei festar skoningen, og avstivar heile nedre delen av forkleet.
1,8 cm brei kanting av svart silkefløyel, laga av tre stykker, som er skøytte i hop med vrangsaum på maskin. Eitt horisontalt stykke og eitt vertikalt i kvar ende, sydd vinkelrett på utan å skrå i hjørna.
Fløyelen er lagt rette mot rette, sydd fast med maskin, og bretta over mot vranga. Der er han sydd ned med kastesting for hand. Her er det jarekant, men det er uklart om det er snakk om eit stoff eller eit band. På fløyelskanten er det sydd ein bylgjande stikning med grøn overtråd og svart undertråd tvers gjennom alle lag, som kombinert dekor og avstiving.
Kantinga nede som er lagt i vinkel, går 14,2 cm oppover sidekantane, målt frå nedrekanten.
Forkleet har nokre mindre flekkar og hol, men er i hovudsak i god stand.
    Photo: Nilsen, Ragni Engstrøm / Norsk institutt for bunad og folkedrakt

forkle

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Select the images you want to order

Share to