• Forkle.
Sydd delvis for hand, delvis på maskin. 
Hovudstoffet av tynt, men stødig bomullssateng (lasting) med brun renning og svart innslag.
Ei stoffhøgde med jare i båe sider. Faldelagt til 30,5 cm breidd øvst ved linninga, med 6 faldar på kvar side, som er lagde innover mot eit 6,5 cm breidt, glatt midtstykke.
Ca. 2,3 cm høg linning av svart fløyel, truleg av bomull. Lagt til rette mot rette, og sydd ned med maskin. Bretta rundt på vranga, bretta inn og sydd ned med faldesting for hand med brun tråd. Kortendane er bretta inn, og rundt alle fire sider av linninga er det sydd ein stikning på maskin med brun tråd.
Ca. 10,8 cm høg skoning av mørkegrøn, kypertvoven, nokså tynn, men fast vadmål. Skoningen er skøytt saman av to delar, sydde saman med kastesting for hand. Om lag halvparten av stoffbreidda har vertikale, smale, mørke striper. Stoffet kan vere heimevove. Festa til forklestoffet i overkant med brun rettsaum på maskin.
3,1 cm breidt silkeband med raude, gule og blå blomar og grøne blad på svart lerretsborn, lagt i vinkel i kvart hjørna og bretta inn i endane. Sydd fast tvers gjennom alle lag med brun rettsaum på maskin. Dei skrå innbrettane i hjørna er sydde med små faldesting for hand med brun tråd.
2,7 cm brei kanting av svart fløyel, truleg av bomull. Laga av to stykker, som er skøytte i hop med vrangsaum på maskin, og lagt i vinkel i hjørna. Fløyelen er bretta inn og sydd fast med usynelege faldesting med brun lintråd for hand på retta. Kortendane er berre bretta inn. Stoffet er vidare bretta rundt, og sårkanten er sydd ned med faldesting for hand med brun lintråd på vranga. Dei skrå innbrettane i hjørna er festa med små faldesting for hand med brun tråd. Ein støtte/dekorstikning er sydd med brun maskinsaum 0,4 cm inn på fløyelskanten heile vegen rundt, og midt inni denne ramma er det ein som går i bylgjer.
Fløyelskanten og bandet går 10,3 cm oppover på kvar side, målt frå nedrekanten.
Forkleet er i god stand, med nokre minimale hol og eit par flekkar.
    Photo: Nilsen, Ragni Engstrøm / Norsk institutt for bunad og folkedrakt

forkle

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Select the images you want to order

Share to