• Forkle. 
I hovudsak sydd på maskin. Hovudstoff av lilla, tynn, lett ull med jaquardvovne blad og prikkar på lerretsbotn, i tillegg til skarpt rosa og grøne brosjerte blomar og langsgåande striper og trekantbordar i satengbinding, som truleg er av silke. Ei stoffhøgde med jare i båe sider. 
Faldelagt inn til 27 cm breidd øvst ved linninga, med 7 faldar på kvar side, som er lagde utover frå eit ca.15 cm breidt, glatt midtstykke.
Ca. 2 cm høg linning av sateng (lasting) med brun bomullsrenning og svart innslag, truleg av silke. Lagt rette mot rette, og sydd med maskin. Bretta rundt på vranga og bretta inn. Kortendane er bretta inn, og rundt alle fire sider av linninga er det sydd ein stikning på maskin med svart tråd.
I kvar kortende er det festa ei grøn snor med kastesting for hand. I høgre side står det att ein 12 cm lang opptvinna stump av snora. I venstre side er snora 68 cm lang, og har ein knute på enden. I tillegg er det sydd på eit grindvove forkleband med svarte prikkesting (med stor avstand) oppå linninga. 
Bandet har ubleikt bomullsbotn og plukka mønster i raudt, gult og grønt ullgarn. Innslaget ser ut til å vere ubleikt lingarn. I endane er bandet todelt, og høgre ende har ein gulgrøn og ein guloransje dusk. Venstre ende har ein raud og ein vinraud dusk.
14 cm høg skoning av mørkegrønt, svart og brunt lerretsvove ullstoff. Grøne og svarte striper i innslaget, og grøne og brune i renninga, slik at det oppstår ein svak ruteverknad. Skoningen er skøytt saman av to delar som er vrangsydde på maskin. På baksida er det vrangsydd eit ubleikt lerretsstoff som ser ut til å vere av bomull eller halvlin. Ein svart støttestikning er sydd på maskin langs kanten, før heile skoningen er sydd fast med ein maskinstikning på tvers over forklebreidda.
2 cm brei kanting av svart fløyel, truleg av bomull. Laga av to stykker som er skøytte i hop på midten med vrangsaum på maskin og lagt i vinkel i hjørna. Fløyelen er sydd rette mot rette på maskin, bretta inn kortendane og over på vranga. Der er han bretta inn og sydd ned med små faldestingfor hand. Ein støtte/dekorstikning er sydd med brun maskinsaum 1 cm inn på fløyelen, målt frå ytterkanten.
6,5 cm breidt silkeband med skarp rosa blomar, grøne og svarte blad, og svarte striper og ruter på brunsvart lerretsbotn. Skarpt rosa kantbord med innslagslykkjer. Bandet er lagt i vinkel i hjørna, bretta inn kortendane, og sydd fast med svart maskinsaum, også skråbretten i hjørna. Silkebandet er sydd på så nært fløyelskanten at kantborden dekkjer overgangen.
Alle maskinsaumane er sydde gjennom alle lag, og bidreg såleis til å stive av nedre del av forkleet.
Fløyelskanten og bandet går ca. 14,3 cm oppover på kvar side, målt frå nedrekanten.
Bandprydnad og kanting er i god stand, men hovudstoffet er nokså prega av insektsangrep og verkar skøyrt.
    Photo: Nilsen, Ragni Engstrøm / Norsk institutt for bunad og folkedrakt

forkle

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Select the images you want to order

Share to