• Forkle.
Handsydd. Hovudstoffet er svart ulldamask, truleg jaquardvove. Ei stoffhøgd med jare i venstre side. Smal dobbel fald i høgre side, sydd ned med små faldesting.
1,8 cm høg linning av tynt, svart ullklede med skoren luv. Vrangsydd til overkanten, bretta over og sydd ned med prikkesting på retta. Bretta rundt og inn og sydd ned med faldesting på vranga. Sårkantar i endene, sydd saman med prikkesting og kasta over med kastesting.
Faldelagt inn til 31 cm breidd. Linninga har delvis lausna frå forklestoffet, så ei kan ikkje seie sikkert korleis det har vore falda. Slik det er no er det 3 faldar på venstre side og 2 på høgre, som er lagde inn mot eit ca. 7,5 cm breidt glatt midtstykke.
11,5-12 cm høg skoning av mørkeblå, nokså tynn og fast, men relativt mjuk stykkfarga kypertvoven vadmål. 2,5 cm høg sølvknipling med vifter og nettbotn, sydd ned med kvit tråd på ei 2,5 cm høg remse raudt ullklede. 6 cm breidt silkeband med raudoransje, rosa og gulgrøne blomar med grøne blad på marineblå botn, sydd ned med små kastesting på den raude kledesremsa, kant-i-kant med kniplingen. Stinga går tvers gjennom skoningen og festar såleis denne. Kortendane er bretta inn og sydde ned med små faldesting på kledesremsa. 
0,4 cm brei rulorkant av raudt ullklede, sydd ned med små forsting på vranga.
Den raude kledesremsa, kniplingen og ruloren er lagde i vinkel i hjørna og går 11,5 cm oppover sidekantane, målt frå nedre kanten.
Alt er sydd for hand med brun/ubleikt eller kvit lintråd. 
Forklestoffet har ein del hol, og innslagsgarnet har lausna.
    Photo: Nilsen, Ragni Engstrøm / Norsk institutt for bunad og folkedrakt

forkle

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Select the images you want to order

Share to