Den nye sjukeheimen snart ferdigstilt. Framleis står den gamle sjukeheimen vegg i vegg med den nye. Rivinga av den gamle Nordagbrakka er starta. Utsikt mot søraust. Til venstre i b ...
Den nye sjukeheimen snart ferdigstilt. Framleis står den gamle sjukeheimen vegg i vegg med den nye. Rivinga av den gamle Nordagbrakka er starta. Utsikt mot søraust. Til venstre i biletet kan ein sjå den gamle sjukeheimen og restane av Nordagbrakka. Til høgre ein Bedford lastebil.
Den første plannemnda for den nye sjukeheimen i Odda vart sett ned 25. september 1969, med Leiv Stensland som formann og initiativtakar. Grunnsteinen vart lagd ned av ordførar Einar Tveit fredag 26. september 1975. Reguleringsplanen for området måtte endrast, seks hus og eitt garasjeanlegg vart sanerte. Lørdag den 29. oktober 1977 opna den nye sjukeheimen, som var ein av dei mest moderne i landet på den tida. Dei tre etasjane hadde 73 senger fordelt på 36 enkeltrom og 18 dobbeltrom, og her var ei eiga tannlegeavdeling, frisør, fotpleie, trimrom, fysioterapi og arbeidsterapi samt kontorer og garderobar for dei tilsette.
Der meste var mulig før,da de eldre ble av respektert. Jeg gremmes over min generasjon..er det frisør,fotpleie,tannlege og slikt er der idag blir jeg sjokkert
aakermanh7,
August 29, 2021
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».
1 comment
aakermanh7, August 29, 2021
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».