• Portrettfoto av Asbjørn Øverås (1896-1966). Øverås var lektor, rektor, litteraturhistorikar og forfattar. Han tok doktorgrad på avhandlinga "I Bjørnsons fotefar" (1936). Mellom 1949 og 1952 var Øverås formann i Noregs Mållag. Blant bøkene han har forfatta er "Norsk reising" (1932), tobandsverket "Frederik Moltke Bugge" (1949) og "Bjørnstjerne Bjørnsons foreldre" (1964). Fotografen er ukjend.

Dette er eit digitalt eksemplar av eit foto frå biletarkivet etter "Norsk Allkunnebok". Fonna Forlag gav ut det nynorske leksikonet "Norsk Allkunnebok" mellom 1948 og 1966. Biletarkivet vart utlånt frå Nasjonalbiblioteket til Nynorsk kultursentrum, og kan kopierast og nyttast av sistnemnde etter avtale frå 2004.

Kjelde:
Norsk Allkunnebok, tiande bandet, kolonne 1301
    Photo: Nynorsk kultursentrum (Opphavsrett)

Asbjørn Øverås

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to