Hotel Hardanger, interiørfoto av eine kortveggen i spisesalen, jf foto i-08147.
Treskurden var av Lars Kinsarvik, som og lagde mykje av møblementet til Hotel Hardanger. Motivet inneheld og eit maleri av dekorasjonsmalar Askeland, eitt av 3 store maleri på denn ...
Treskurden var av Lars Kinsarvik, som og lagde mykje av møblementet til Hotel Hardanger. Motivet inneheld og eit maleri av dekorasjonsmalar Askeland, eitt av 3 store maleri på denne veggen. Motivet på maleriet til venstre er Tyssedal, med kraftstasjonen, røyrgate og fabrikk, det i midten er oversiktbilde av Odda, det til høgre er motiv frå kaien ved Det norske Zinkkompani AS. Maleria er idag Ullensvang kommunes eigedom. PÅ 1970-talet var matsalen nytta som lager, sjå syklane til høgre i bildet. Strekkfiskar held taket saman
HistoryBustetun 061, bnr. 3. Eit nytt Hotel Hardanger vart opna i 1896, etter at det gamle brann ned. Hotellet var ein av dei største tre-. bygningane i Noreg, og dominerte hamna i Odda. Hotellet var prydd med treskurd av Lars Kinsarvik og veggmåleri av Nils Bergslien. I 1904 kom noko nær halvparten av alle utanlandske besøkjande til Noreg innom Odda. Det kunne liggja fleire cruiseskip på hamna på ein gong i Oddapollen. Turismen avtok etter som industriutbygginga tok til. Odda kommune overtok bygget og brukte det som rådhus i perioden 1917-1958. Då var det og vidaregåande skule i bygget. Dei siste åra var det nytta som lager for Hardanger Sunnhordlanske dampskipsselskap, og fekk hard medfart. Bygget vart rive i 1977 etter å ha vore kino, møtelokale og lager i mange år. Odda ungdomslag har teke vare på mange detaljar frå interiøret, t.d. treskurden i matsalen, glasvindauga, ei trapp, ein del av brystningspanelen, messinglampane, nokra av maleria med innramminga intakt og 2 av ljoshimlingane. Dette er nytta til dekorasjon i Ungdomshallen i Odda og kan sjåast der.
Hotel Hardanger hadde rundt 1900 spisesal med plass til 250 spisegjester, dekorert med ein frise i trearbeid av kunstnaren Lars Kinsarvik som gjekk rundt heile spisesalen. Hotel Hardanger blei teikna av arkitekt Hans Heinrich Jess, ein tysk arkitekt som hadde slått seg til i Bergen. Hotellet var opplyst av elektrisk kraft - et Soria Moriaslott. (Jan Gravdal). Då dette fotoet er tatt i 1976, fungerte rommet som lager, for mellom anna syklar, som ein kan sjå til høgre. Elles var matsalen lenge nytta som kino, noko holene i maleria vitnar om. Tvers over rommet går strekkfiskar, for å halda taket saman.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».