History
-
Tobias Henrikson Mannsåker skipa fruktforretningen T.H. Mannsåker & Co. i Eitrheimsvegen nr. 17a i 1937. Han hadde kome heim frå Amerika i 1927, der han hadde drive farm i nokre år. Ingeborg Espe Jacobsen dreiv butikken T.H. Mannsåker & Co. manufaktur til 1958, då denne vart sagt opp frå lokalet.
Bygget ved sida, Eitrheimsvegen 19, vart bygd i 1955. Handelshuset vart kalla "Gjennomgangsbygget" eller seinare "Gjellestadhuset" etter røyrleggar Ivar Gjellestad som bygde huset saman med Torleiv Eriksen. Det ligg rett aust for skuletrappa som ein kan skimta til høgre i biletet. Odda og Tyssedal Handelstandsforening hadde planar om eit handelens hus, med leilegheiter, kontor, møterom, kafé og forretningslokale for fem verksemder. Desse skulle vera L.L. Reisæter elektriske forretning, Jordals skoforretning og verkstad, Eiks fruktforretning, Olav Larsen & Co. papirhandel og K. Westerlunds gullsmedforretning. Arkitekt var Vaardal-Lunde frå Bergen. Seinare fekk tannlege Gravdal lokale i bygget, og i dag er Comfort sanitærforretning i bygget.
Fotografering: 1958
- FotografLøyning, Nils (1909 - 1993)sikker
- History
Frå Kolltveit: Odda, Ullensvang....:
son åt lærar Olav Nilsson Løyning (1885 - 1965, frå Seljestad, bruk nr.3, pl nr.1), og Sigrid Jakobsdotter Løyning (1888 - 1960, ho var frå Stuane). Foreldra kjøpte Stuane nedom Minne i 1915, der Nils vaks opp, som eldst av fire. Søskena var: Jakob, Oddmund Birger og Sigrid. Nils vart gift 28.08.1933 med Marta Thorvik frå Jondal. dei fekk eit barn, Sigrid i 1934. Gift 2.gong med Judith Pedersen (f. 1918). Nils Løyning var arbeidsformann på Norzink. (sjå og Kolltveit: Jondal i gamal og ny tid)
Fotograferte mykje, mest på strekninga frå Hardangervidda, gjennom indre Hardanger til Haukelifjell. Mange av motiva hans er blitt solgt som postkort. NVIM har ei stor samling etter Nils Løyning
- Adresse,Norge Hordaland Odda Røldal
- ProfessionArbeidsformann på Norzink og fotograf
- GenderMann
- NationalityNorge
- DigitaltMuseumSearch in «Løyning, Nils»
- History
License information
Metadata
- Identifieri-nil-204
- Part of collectionKraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionKraftmuseet
- Date publishedJuly 21, 2017
- Date updatedSeptember 29, 2023
- DIMU-CODE021017114941
- UUID7753a1fa-b6a8-4128-ad43-5c9816f53537
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».