• Et gårdstun med løe på Brennhaugen under Aksla ved Magerholm.
    Photo: Sunnmøre Museum

Et gårdstun med løe på Brennhaugen under Aksla ved Magerholm.

Gårdsnummer 3, bruksnummer 5.
Created with Sketch. Add a comment or suggest edits
Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

1 comment

  • Brendhaugen har gardsnummer 2 og bruksnummer 3+5. Det vil seie at Brendhaugen er utskild frå matrikkelgarden Aksla, og ikkje Østremsreiten (gardsnummer 3). Plassebruket vart opphaveleg skild ut av Paul Olsen Kvien (1827-1912). Han kom då frå Vartdal og fekk festebrevet sitt i 1849. Det var han som gjerda inn garden og dyrka det meste av slåttemarkane som enno er synlege. Paul var først gift med Kristi Knutsdotter (1817-1880), og deretter med Pernille frå Hjørundfjorden. På denne tida låg husa på andre sida av den gamle bygdevegen (Der fotografen har stått) tettare inn under ein fjellhammar, omtrent der det i dag framleis ligg ei stor steinblokk. I 1866 vart 3/10 av Brendhaugen skylddelt og kjøpt av Johan Pedersen Spjelkaviknes i lag med Akslagjerdet. Paul brukte resten av garden fram til han overlet garden til svigersonen Johan Knutsen Alvestad (1858-1934) frå Haram i 1884. Det er mogeleg å lesa litt meir her: http://www.emblemsbygda.com/52378472 Resten av historia vert lagt til og oppdatert når det nye bygdebokutkastet er fullført.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to