Sunnmøre museum samlar inn materielle og immaterielle minne som særpregar vår region. Gjennom våre samlingar fortel vi om natur, liv og arbeid på Sunnmøre dei siste 10.000 år.

Nyleg publisert

Aktuelt

Om Sunnmøre museum

Sunnmøre Museum er eit folkemuseum med kulturhistoriske utstillingar og ei omfattande samling av gamle hus og båtar. Museet dokumenterar og formidlar Sunnmøres kulturhistorie frå steinalder og opp til nyare tid. På området finn du 55 gamle hus omkransa av eit vakkert friluftsområde. I Båthallen og ved kaia finn du ei omfattande båtsamling.

På museumsområdet ligg også Middelaldermuseet som er bygd over tufter frå Borgundkaupstaden. Kaupstaden Borgund er ein delvis utgrave handelsstad frå middelalderen. Arkeologiske funn og utgravingar er stilt ut i Middelaldermuseet som ligg midt i det gamle historiske området.

Sunnmøre museum vart skipa i 1931 og har sidan opparbeida seg ei omfattande samling av kulturhistoriske gjenstandar. Desse har i seinare tid, gjennom eit mangeårig og kontinuerlig arbeid, blitt gjort tilgjengeleg på DigitaltMuseum.

Artikler

Sunnmøre Museum is a part of

Share to