History
-
-
Brevkort med motivet av det opplyste kyrkjetårnet er sendt til Per Aga på Hovland, Espe i Sørfjorden. Kortet er sendt som ei helsing frå Lars i Drammen. Det kan vera brorsonen hans, Lars Mattias Aga frå Hovland, født 1868, men dette er ikkje dokumentert. Det er interessant at kortet som viser ei nyleg og aktuell hending, er sendt som julekort. Den nye kongefamilien, kong Haakon, dronning Maud og kronprins Olav, gjekk i land på bryggja på Vippetangen ved Akershus festning den 25. november 1905. Heile hovudstaden var pynta med lys i vintermørkret. Det året blei julekort frå kongeinntoget sendt for å visa bilete av kongefamilien, og ikkje minst den storslagne lyssettinga som var sett opp på bygg i byen.
På framsida langs kantane av bildemotivet er det skrive: Glædelig jul! Godt Nyt aar tak for det gamle!
Her ser du fra indtoget saa du kan gjøre dig en mening om hvordan det saa ud. Hilsen Lars
På den andre sida står det: Det ser ud som om vi ikke skal faa vinter, bart og mildt som sommeren. Skulde ønske her kom sne med det første for det skulde blive deiligt at prøve skierne nu igjen.
Hilsen Lars
-
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier I-10566
- Part of collection Kraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collection Hordaland
- Institution Kraftmuseet
- Date published October 13, 2022
- Date updated September 29, 2023
- DIMU-CODE 0210111914995
- UUID a72ef2a8-2ec8-4dcb-8918-b54e7437db20
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».