Photo: Bane NOR / Kunst i offentlige rom

Follobanen Ski stasjon

Tiril Schrøder (f. 1969) vann konkurransen om kunstoppdraget til nye Ski stasjon. Ho har brei utstillingsbakgrunn frå inn- og utland, og er professor ved Kunsthøgskolen i Oslo. I vinnarutkastet har ho tatt heile betongveggen som vender mot Ski sentrum i bruk – kunstverket vil fungere som éin stor kollasj på 66 meter i breidda og fire meter i høgda. Verket skal stå ferdig våren 2020.

I prosjektperioden har Ebba Moi (f. 1971) fått i oppdrag å gjennomføre det deltakande kunstprosjektet "Fargane i Ski". Moi er utdanna ved kunstakademiet i Trondheim og starta karrieren som skulptør. Etter kvart har ho dreid fokus mot deltakande kunst og kunst i offentlege rom. Tanken er å bruke kunstprosjekt til å inkludere grupper som vanlegvis ikkje har ei stemme i det offentlege rommet.

I Ski inviterte ho elevar frå Ski ungdomsskule til eit utforskande og skapande samarbeid som ho hadde lagt rammene for. Mange av ungdommane som vart med, gjorde det som del av valfaget «Design og redesign».

Den lokale, norsk-syriske kunstnaren Anas Salamah har òg hatt ei viktig rolle i arbeidet. Salamah kom til Noreg frå Syria i 2013 og har budd i Ski sidan 2015. I heimlandet er han ein veletablert kunstmålar. Han har òg medieutdanning og jobba i mange år med animasjon for syrisk barne-TV. No har han hatt utstillingar både i og utanfor Noreg.

Moi inviterte Salamah til samarbeid etter å ha lese eit intervju kor han snakka om fargane i Damaskus og det han har reist frå i Syria. Det gav henne ideen til å lage eit prosjekt basert på kva fargar som pregar byen Ski.

Ho inviterte også kunstnar og forfattar Geir Yttervik til å undervise elevane i Josef Albers’ fargelære. Etter at ungdomsskuleelevane hadde høyrt Salamah fortelje om korleis han såg fargane i Damaskus, var oppdraget å finne ut kva fargar som representerer Ski for dei – og blande primærfargar til dei fekk fram nyansane dei ville ha. Desse fargane vart brukt til å male flisene på veggen i undergangen under toglinjene ved Ski togstasjon.

Resultatet vart presentert torsdag 21. september 2017. Kunstprosjektet vart opna av Solveig Aalberg, leiaren av kunstkomiteen i KORO, og Kathrine Kjelland frå prosjekteigar Bane NOR. Veggmaleriet vil stå til våren 2018. Etter det skal delar av den gamle stasjonen rivast som del av byggeprosessen for den nye stasjonen.

Add a comment or suggest edits

Leave a comment or send an inquiry

Share to