Photo: Christian Tunge / Kunst i offentlige rom

Follobanen Ski stasjon

Som eit resultat av utbygginga av Follobanen har Ski fått ny togstasjon. Stasjonen er eit moderne kollektivknutepunkt med fornya sentrumsområde, to reisetorg med trappeamfi, sykkelparkering og rik plantning. Veggarbeidet til Tiril Schrøder er plassert på austsida og vender ut mot Ski sentrum.

Himmel, skyer og tre er hovudelement i Tiril Schrøders veggverk, saman med jordbruksområde og busetnad. Elementa til biletet er trykte på baksida av herda glasplater og festa til betongveggen på stasjonen. Landskapet og detaljane har referansar til Ski og omlandet; sett saman av element frå ulike tidsepokar og stader i lokalmiljøet. Ei stor, flygande kråke viser til den lange historia til staden, og til Kråkstad med kyrkja si frå 1150. I bakgrunnen skimtar vi turmålet Tømmerås. Ein hest viser både til landbrukstradisjonane i området og til opphavet for stadnamnet Ski; ein stad der ein heldt kappriding. Det store biletet blir som eit sceneteppe der gamle og nye forteljingar møtest.

Identiteten og eigenarten til ein stad er samansett og kompleks. Vi har alle ulik tilknyting til dei fysiske og visuelle strukturane i omgivnadene. Dei definerer dei individuelle historiene våre, menneska og aktivitetane rundt oss – og staden.

– Det har vore viktig for meg at verket skal knyte seg til staden Ski og passe inn både historisk og i notid. Eg har vore oppteken av at dette vil vere eit kunstverk folk dagleg skal forhalde seg til, og at det dermed ikkje bør vere for forstyrrande, snarare litt dempa. Når ein beveger seg forbi det, kan ein feste seg ved ulike ting. Opplevinga av det blir også ulik alt etter kva avstand ein ser verket frå, seier Tiril Schrøder.

Som kunstnar er Tiril Schrøder (f. 1969) oppteken av teikning og teikninga si historie, og kombinerer gjerne eldre og nye referansar og teknikkar i arbeida sine. Ho er inspirert av gamle teikningar og akvarellar, men også av populærkultur og nye moglegheiter som ligg i dei digitale media. Schrøder er utdanna ved kunstakademia i Hamburg, Oslo og København. Sidan 2011 har ho vore professor ved Kunsthøgskolen i Oslo.

I prosjektperioden har Ebba Moi (f. 1971) fått i oppdrag å gjennomføre det deltakande kunstprosjektet Fargane i Ski. Moi er utdanna ved kunstakademiet i Trondheim og starta karrieren som skulptør. Etter kvart har ho dreid fokus mot deltakande kunst og kunst i offentlege rom. Tanken er å bruke kunstprosjekt til å inkludere grupper som vanlegvis ikkje har ei stemme i det offentlege rommet. I Ski inviterte ho elevar frå Ski ungdomsskule til eit utforskande og skapande samarbeid som ho hadde lagt rammene for.

Den lokale, norsk-syriske kunstnaren Anas Salameh har òg hatt ei viktig rolle i arbeidet. Salameh kom til Noreg frå Syria i 2013 og har budd i Ski sidan 2015. Moi inviterte Salameh til samarbeid etter å ha lese eit intervju kor han snakka om fargane i Damaskus og det han har reist frå i Syria. Det gav henne ideen til å lage eit prosjekt basert på kva fargar som pregar byen Ski.

Ho inviterte også kunstnar og forfattar Geir Yttervik til å undervise elevane i Josef Albers’ fargelære. Etter at ungdomsskuleelevane hadde høyrt Salameh fortelje om korleis han såg fargane i Damaskus, var oppdraget å finne ut kva fargar som representerer Ski for dei – og blande primærfargar til dei fekk fram nyansane dei ville ha. Desse fargane vart brukt til å male flisene på veggen i undergangen under toglinjene ved Ski togstasjon. Veggmaleriet var ein midlertidig installasjon som sto til våren 2018 då delar av den gamle stasjonen vart riven.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to