Photo: Larissa, Acharya / Kunst i offentlige rom

UiT Norges Arktiske Universitet, Campus Tromsø, Teorifagbygget og E-fløy

Teorifagbygget ved Universitetet i Tromsø byr på ei rikhaldig kunstsamling kor viktige samiske kunstnarar står sentralt.

123 objects

Teorifagbygget ved UiT er eit bygningskompleks med seks hus som rommar ei rekkje fagmiljø frå jus og økonomi til psykologi og filosofi. Då dette siste tilskotet til Campus Tromsø stod ferdig i 2005, blei det gjennomført eit kunstprosjekt som resulterte i 129 kunstverk av 25 kunstnarar. Spennvidda i uttrykka er stor, men samlinga er spesielt rik på grafikk og fotografi. Både norske og internasjonale kunstnarar er inkludert, og fleire sentrale samiske kunstnarar er representert.

Universitetet hadde frå før ei stor samling bilete av ein av dei viktigaste samiske kunstnarane, Iver Jåks (1932–2007). Han arbeidde i spennet mellom internasjonal samtidskunst og samisk handverks- og kunsttradisjon. Kunstprosjektet sikra seg fleire av verka hans, slik at Teorifagbygget si samling av Jåks’ skulpturar, grafikk og teikningar no er den nest største i Noreg.

Britta Marakatt-Labba (NO/SV), som også blir rekna som ein av dei fremste samiske kunstnarane, har brodert samisk mytologi og historie inn i ei nesten 24 meter lang frise utan tittel som er inspirert av Bayeux-teppet i Frankrike. Samlinga inneheld også eit verk frå 1981 som blei laga under Alta-konflikten, broderiet "Kråkene/Garjjat". Marakatt-Labba set fokus på konfliktar mellom urfolket og det norske samfunnet i spørsmål om ressursutnytting. Ein finn liknande kritiske perspektiv i nye fotografi av Kristin Tårnesvik.

Den finske, halvt samiske fotokunstnaren Marja Helander problematiserer også den samiske kulturen sin plass i eit moderne samfunn, og opptrer ofte sjølv som modell i fotografia. Også norske Geir Tore Holm brukar det personlege som utgangspunkt for å ta opp relasjonen mellom natur og kultur og overgangane mellom ytre og indre rom i ein fotoserie frå heimen til foreldra i Kåfjord i Troms.

Tromsø-kunstnaren Idar Ingebrigtsen (1917–2004) er heidra med eit møterom i Teoribygget som ber namnet hans. Der er 15 av verka hans utstilt: to oljemåleri og tretten grafiske blad, dei fleste tresnitt. Motiva spenner frå sjølvportrett til landskap, dyremotiv og motiv frå musikk- og teaterliv.

Det einaste verket i samlinga som er plassert utandørs, er japanske Makoto Fujiwara sin monumentale "God dag! Moskus" i uthoggen og polert larvikitt. Den abstrakte, moskusliknande steinskulpturen er vend mot og «helser» Tromsøs landemerke Tromsdalstinden.

Av høgt profilerte kunstnarskap kan ein nemne grafikar Per Kleiva, som er representert med heile 28 av dei ideologikritiske, plakatliknande silketrykka han er blitt kjend for.

KORO og Universitetet i Tromsø gav i 2008 ut boka Kunst til stede, som gir ein samla presentasjon av heile kunstsamlinga i Teorifagbygget.

Add a comment or suggest edits

Leave a comment or send an inquiry

Share to