Part of exhibition
History
-
Fordson F hadde sine svake punkt. Traktoren var ofte for lett til å pløya godt, han var vanskeleg å starta og ville tippa bakover når lasta var tung. På slutten av 1920-talet var det klart av Fordson F trengde ei forbetring. Samtidig merka også Ford dei dårlege tidene. Salet av traktoren hadde nesten stansa opp, og Ford la ned produksjonen i Dearborn i Michigan i 1928. Året etter starta han opp igjen i Cork i Irland, og Fordson N kom på marknaden. Han hadde større motor, i tillegg var framhjula i støypegods både tyngre og sterkare. Ford produserte Fordson N til 1945.
Fabrikken i Cork blei ikkje ein suksess. Han låg avsides til i forhold til marknaden og hovudkontoret i London. I 1932 stengde Ford fabrikken og flytta produksjonen til Dagenham i England. Derifrå kom den første Fordson N på marknaden i 1933. Det blei i alt laga om lag 235 000 Fordson N, av desse kom berre 31 000 frå Cork. Traktorane frå Cork er særleg verdifulle blant samlarar.
Den økonomiske krisa, og dei billege traktorane frå Ford, tvinga fram omstillingar hos dei andre traktorprodusentane. Dei måtte seinka prisane vesentleg, og kanskje gje ein plog med på kjøpet. Det blei lettare å få skifta delar og traktorane blei betre, dessutan måtte forhandlarane ta på seg eit større ansvar om noko var gale. Mange firma slo seg saman, eller la ned produksjonen. I 1929 fanst berre 47 av dei 200 traktorprodusentane som var i USA før krisa slo til. Då var også den store priskrigen over.
Denne traktoren eigde Søren S. Østrått. Tidleg etter andre verdskrigen monterte han bremsetromlar på bakhjula. Dei var truleg frå eit tysk militærkøyrety.
Traktoren er restaurert av museet og blir brukt som demonstrasjonsmodell.
Produksjon: 1936
- ProdusentFord Motor Companysikker
- Production placeStorbritannia Dagenham (England)sikker
Eierskap
- Tidligere eier Østrått, Søren S.sikker
Classification
-
- Jordbruk i sin alminnelighetOU 241
- LandbruksmaskinerOU 407
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierJÆG1983.01.01
- Part of collectionJærmuseet
- Owner of collectionJærmuseet
- InstitutionJærmuseet
- Date publishedMay 30, 2014
- Date updatedApril 3, 2018
- DIMU-CODE011024079469
- UUID85c0996f-fdf7-4b60-a0e9-4ab31a81191c
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».