History
-
- Losje Folgefonn si fane. Sjå omtale om fråhaldslosjane i Odda på internett / NVIM heimesider (Jfr felt Referanser).
Bruk
- Tidligere brukerLosje Folgefonn (1907 - 2000)
- History
Godtemplarrørsla vart skipa i USA i 1851 og kom til Norge i 1877. Då Oscar Torp kom til Odda i 1906, sette han i gang arbeidet med å få skipa ein losje på staden og sommaren etter skipa han og nokre likesinna losje ”Folgefonden”.
Loge ”Folgefonden” nr. 957 av I.O.G.T. vart skipa 11. august 1907. (IOGT = International Organisation of Good Templars). Losjen auka raskt i medlemstal. Eige forsamlingshus med full, høg kjellaretasje og stor forsamlingssal, vart innvigd i 1912. Huset fekk namnet "Samhald" og låg i Skulegata på Bakke, like ved Odda Barneskule, og frå 1915 vis à Vis Frelsesarmeen sitt hus, Skulegata 5. Laget oppretta Barnelosje Gullstjerna 22. oktober 1907. Odda Godtemplarkor vart skipa i 1932 (frå 1962: Songkoret Samklang). Ungdomslosjen Odda Godtemplarungdomslag (NGU) vart skipa den 23. september 1943. Losjane fekk driva arbeidet sitt i okkupasjonstida 1940-45 og medlemstilgangen var stor: over 350 medlemer rundt 1945.
Aktivitet og medlemstal var i sterk nedgang i 1960- og 70-åra. 80-årsfesten vart markert i 1987 og berre nokre få medlemer var aktive. Losje Folgefonn vart vedteken nedlagt i år 2000. Arkiv og gjenstandar overlevert Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum.
Forsamlingshuset var kalla "Losjelokalet" eller berre "Losjen" på folkemunne. Eigedomen / huset hadde namnet ... Byggmeister Saltnes (født 1875 i Lindås, død 1972) sto ansvarleg for bygginga. Eigedomen vart ekspropriert og huset rive sist på 1970-talet. (Etter nokre år vart tomt tatt i bruk for bygg for skulefritidsordninga.)
Etter at losjehuset i Skulegata vart rive, hadde losjen møtelokale og kjellarrom for arkiv mm i Sparebankbygget i Kremarvegn / Bustetungata i Odda sentrum.
Både hovedlosjen og barnelosjen skaffa seg tidleg påkosta faner. NVIM har faner, arkiv, regalier, pultar og anna seremoniutstyr i samlingane.
- Adresse,Norge Hordaland Odda Røldal
- Alternative namesLoge Folgefonn
- DigitaltMuseumSearch in «Losje Folgefonn»
- History
Relation
-
Object/Work – Components10 related objects
- ThingFane (NVIM-04340-1)
- ThingSnor (NVIM-04340-2)
- ThingSnor (NVIM-04340-3)
- ThingSnor (NVIM-04340-4)
- ThingBandolær (NVIM-04340-5)
- ThingEndespyd (NVIM-04340-6)
- ThingEndespyd (NVIM-04340-7)
- ThingStong (NVIM-04340-8)
- ThingStong (NVIM-04340-9)
- ThingStong (NVIM-04340-10)
Classification
-
- Faner (DE)DE 929.92
References
-
- ArkivreferanseOLA-91 Losje Folgefonn, ved NVIM.
- LitteraturreferanseGjerde, Anders: Fråhaldslosjane i Odda kommune. I åHardanger 2012. Hardanger historielag. S. 91 - 98.
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierNVIM-04340
- Alternative nameOIM-4340 - Tidligere anvendt i egen institusjon (Gjenstanden merka med dette.)
- Part of collectionKraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionKraftmuseet
- Date publishedMay 21, 2014
- Date updatedFebruary 21, 2024
- DIMU-CODE011024072902
- UUID46f68bd0-ce63-4eb9-b520-b731e86f9b5c
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».