Damstua ved Reisjåvatnet. Denne damstua, med tilhørende uthus, var innkvarteringssted for mannskapet ved Raudammen. Reisjåvatnet var tømmer- og vannreservoar for fløtinga i Raua,...
Ved dette kulturminnet er det oppslått ei tavle med følgende tilleggsinformasjon om Raudammen og arbeidet som foregikk der:
«Raudammen.
Da den gamle tredammen her i utfallsoset t ...
Ved dette kulturminnet er det oppslått ei tavle med følgende tilleggsinformasjon om Raudammen og arbeidet som foregikk der:
«Raudammen.
Da den gamle tredammen her i utfallsoset til Reisjå var til nedfalls, bygde Cappelen ein ny steindam i 1883. Raudammen, som dammen blir kalla, er laga av vanleg gråstein som er så fint hoggen at det ikke var naudsynt med mørtelfoging mellom steinane. Dammen er ca 100 m lang og murkrona 3 m. brei. Muraren, Jonas Erikson, var opprinneleg fra Dalarna i Sverige, men tok namnet Krosshøl etter plassen han budde dei 7 åra som det tok å byggje dammen. Dammen blir ofte omtala som eit meisterverk, særleg når ein tenkjer på reiskapen de hadde på slutten av 1800-talet.
Rundt 1900 vart det fløyta ca. 3 000 tylfter (36 000 stokkar) årleg i Rauavassdraget. Raudammen er den nedste av fløytingsdammane, og alt tømmeret som vart fløyta i vassdraget måtte takast gjennom denne dammen, før stokkane reiste ned Raua til oppsamlingslensa ved Rautangen på Tinnsjå. Når dei skulle til med gjennomhavinga på Raudammen, vart fløytingsmannskapet forsterka med fleire mann, slik at det ofte var 10 mann som arbeidde her.
Om våren er det ofte nordatrekk på Tinnsjå tidleg om morgonen, derfor vart Raudammen oftast trekt kl. 04. Da var det gunstig vindretning når tømmeret kom ned til Tinnsjå og teisten skulle fløytast sørover til Tinnoset. Det var også telefonsamband mellom dammen og Rautangen, slik at dei kunne endre tidspunktet for trekkjinga dersom det skulle bli aktuelt. På Tinnsjå var det eit nytt fløytingsmannskap, og dei hadde også ansvaret for å legge ut lenser på Tinnsjå utanfor alle tilføringselvene det var brotning i.
Dagen og natta før trekkjing av Raudammen var travel for mannskapet, og det vart oftast lite eller ingen søvn om natta. Alt måtte gjerast klart for gjennomhavinga, t. d. skulle det leggjast ut lenser ovanfor dammen og ovanfor inngangen til tømmerrenna.
Det er 2 løp i dammen, lukeløpet og nåleløpet, der vassgjennomstrøyminga vart regulert av lukeløpet. Dersom vatnet gjekk over 2 store steinar som ligg nedstraums i lukeløpet, vart det slept høveleg brotningsvatn. Tømmeret vart teke gjennom nåleløpet. Dette løpet var stengt av vertikale plankar som vart kalla nåler. Når dei skulle trekkje dammen, festa dei ei klo eller klemme i enden av planken og drog opp ei og ein plank. Vatnet pressa med stor kraft på plankane, og for å klare dra planken laus frå gotten og opp på brua, måtte to mann dra i tauet som var festa til kloa.
Under gjennomhavinga hadde mannskapet faste oppgåver (sjå skissa). Ein mann tok inn lens aved haugodden etter kvart som tømmeret minka i teisten, og slo ut kjettingane i stokkane som hadde vore brukt til lense. To mann vart plasserte på flåten, medan ein var ved nåleløpet for å hjelpe tømmeret gjennom løpet, han regulerte også lukene etterkvart som vatnet minka. Vart det for lite brotningsvatn, måtte resten av tømmerteisten bli liggjande ved Haugodden til det kom ein regnflaum seinare på sommaren. Etter at dammen var trekt, reiste fleire av karane ned til tunnelen for å ta til med arbeidet der.
Raudammen vart restaurert i 1994-95. Trelukene i dammen var utrotna og måtte rekonstruerast. Jernrammene i lukene og elles all anna jerbnkonstruksjon, vart pussa for rust og måla. »
Damstua ved Reisjåvatnet. Denne damstua, med tilhørende uthus, var innkvarteringssted for mannskapet ved Raudammen. Reisjåvatnet var tømmer- og vannreservoar for fløtinga i Raua, elveløpet ned mot Tinnsjøen. Her ble det i andre halvdel av 1920-åra sprengt en tømmertunnel i berget på nordvestre side av den strie Raufossen. Dammen ble brukt til å regulere vann- og tømmertilførselen i det nedenforliggende vassdraget med tunnelen. Disse fløtingsanleggene ligger i et område hvor det var langt mellom gardsbrukene, og de færreste av fløterne kunne gå hjem for å sove.
Se mer informasjon om Raudammen under fanen «Andre opplysninger».
Dette fotografiet ble tatt i første uke i september 2012. Bjørn Bækkelund og OT Ljøstad var da i Telemark for å utføre forskjellige ærend for Norsk Skogmuseum. Flere av oppgavene var knyttet til et pågående arbeid med å arbeide fram et bokmanuskript om tømmerfløtinga i Skiensvassdraget. Her hadde tidligere direktør i Skiensvassdragets Fellesfløtningsforening, Terje Sjøvaag, og Dieter Oswald, tidligere leder i AT Skog, utarbeidet ei liste over lokaliteter hvor det fortsatt var spor etter fløtinga. Kulturminnene ved Reisjåvatn (Raudammen og damkoia) samt den nedenforliggende tømmertunnelen var blant de stedene museet ble oppfordret til å fotografere.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».