• Fra informasjonstavle ved Raudammen, øst for Tinnsjøen, på grensa mellom Tinn og Notodden kommuner i Telemark.  Informasjonstavla er en del av en kultursti der Raudammen ved utløpet av Reisjåvatn og den nedenforliggende tømmertunnelen ved Raufossen er tema.  Den avbildete tekstsida har følgende tekst: 

«Litt historikk
Vi veit ikkje når den første fløytinga i Telemarksvassdraget byrja, men alt i vikingtida var det truleg tømmerfløyting i liten målestokk.  Før vass-sagene kom, var det ei beskjeden foredling av tømmer til hogne, telja bord omkring på gardane.  Då oppgangssagene vart tekne i bruk frå ca. 1530 og sagbruka reiste seg ved fossane i Skien, markerte dette et tidsskilje, både for avverkinga i skogane, fløytinga, trelastforedlinga og omstjinga. 

Tidleg i fløytingshistoria var det enkeltmannsfløyting i vassdraga, d. v. s. at kvar skogeigar fløyta tømmeret sitt ned til Skien, der kongen hadde forkjøpsrett på alt tømmer.  Gjennom innføring av stor byprivilegium på 1600-talet fekk byborgarane monopol på tømmerkjøp, sagbruksdrift og trelasthandel.  I 1664 danna sagbrukseigarane i Skien den første organiserte fellesfløytinga i Telemark, og frå no av hadde dei makta i alle ledd av næringa. 

I fleire århundre hadde eigaren av Gimsøy kloster ved Skien privilegium på alt tømmerkjøp i Tinn, Hovin, Gransherad og Lisleherad.  Då Cappelen kjøpte ein del av Gimsøy-godset i 1801 vart han frådømt denne eineretten til tømmerhandel.  Tradisjonen med forkjøpsretten til Gimsøyklosteret var likevel vanskeleg å bryte fordi Cappelen rådde over fløytinga i kraft av damanlegg, tømmerrenner m. m. i elvene i Tinn og Hovin. 

På byrjinga av 1800-talet starta Cappelen-familien å kjøpe skogeigedomar i denne delen av Telemark.  I Hovin eigde dei etterkvart over 2/3 av skogen, ein periode som seinare vart kalla Cappelen-tida.  Etter den økonomiske depresjonen i landet i 1880-åra måtte Cappelen selje alle eigedommane sine.  I Hovin kom skogeigedomane delvis tilbake til dei opprinnelege bruka, men mykje skog vart også seld til utabygds folk da Cappelen-tida var over. 

Cappelen dreiv fløytinga i vassdraga i Tinn fram til 1886, og gjorde mange utbetringar for å lette brotninga.  I Hovin vart det gjort store utbetringar i Skjerva og Raua, dei to hovudvassdraga i bygda.  I 1887 overdrog Cappelen fløytingsrettane sine i Skjerva og Raua til Skiensvassdragets Fællesfløtningsforening, utanom fløytingsretten og fløytingsinnretningane i sidevassdraget Åkliåe, som framleis vart eigd av private.  Fellesfløtningen betalte kr. 56 000 for alle innretningane i Tinn, Hovin og Gransherad.  Den største kostnaden var innretningane i Rauavassdraget, som dei betalte heile kr. 37 600 for (ca. 67 % av total kostnad).  For innretningane i Skerva betalte de kr. 2 900. »


Informasjonstavla er avfotografert for å knytte teksten her til fotografier av kulturminnene den refererer til, se påfølgende løpenummere SJF-F. 005351-SJF-F. 005399.
    Photo: Ljøstad, Ole-Thorstein / Anno Norsk skogmuseum

Fra informasjonstavle ved Raudammen, øst for Tinnsjøen, på grensa mellom Tinn og Notodden kommuner i Telemark. Informasjonstavla er en del av en kultursti der Raudammen ved utløpe...

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to