History
-
Tyssedal gard er nemnd fyrste gong i skriftlege kjelder i 1320. Garden hadde ein humlehage og dei dreiv med fruktdyrking. Plassen Naustbakken nede ved fjorden høyrde også til garden. Frå gamalt av var det tre gardsbruk i Tyssedal; Tyssedal og Tyssedalstveit ved fjorden og Skjeggedal ved Vetlevatn øvst i dalføret. Den største av gardsbruka var Tyssedal på nordsida av elva Tysso. Mikkel Tyssedal var ødegardsmann på garden i 1603. Siste gardbrukar var Kristen Tyssedal som i 1911 selde garden til AS Tyssefaldene for kr. 250 000, men han beheldt gardshusa. Det eldste huset på garden reknast i dag å vera stabburet. Det er frå middelalderen og er freda.
Elles er her løe med svære gråsteinsmurar, stall og bu. Bua har tømra kjerne datert 1850 - årstalet er kledd inn. På hovudhuset er det rissa inn 1776. Utforminga vi ser i dag, kom til etter 1900-skiftet. Klassisistiske hovudmotiv dominerer bygget, men har forsiktige innslag av nasjonal sveitserstil i detaljane. Kårstova blei i 1913 bygd om til ingeniørbustad for ing. P.J. Brekke. Garden er del av området som er regulert til spesialområde vern.
Eierskap
Classification
-
- Tomt og hage (Outline)OU 351
- Bebyggelsesmønster (Outline)OU 361
- Boligforhold (Outline)OU 362
Placement
License information
Metadata
- IdentifierI-04551
- Part of collectionKraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionKraftmuseet
- Date publishedMarch 18, 2014
- Date updatedSeptember 29, 2023
- DIMU-CODE011012861664
- UUIDc581eeba-3f38-4f46-a2c5-8383f8420de6
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».