History
-
Dette fotoet er tilskrive Margit Hagen fordi dette namnet er trykt på kartongen rundt det innramma motivet. Fotoet er tatt medan Grindheimshuset er under oppføring, kanskje i 1897 eller 1898? Truleg har fotografen stått i andre etasje av Odda skule. Framfor Grindheimshuset ser vi Ohm sitt einetasjes hus med takterrasse på plass, vidare bokhandlar Hagen sitt hus. Bak huset i "Skrevet" (vegdelet), ser vi Thorstensenhuset og Boyd-huset, det siste med drakepynt i mønet. Heilt i venstre kant av motivet ser vi litt av taket på Jordals hotel (bygd 1891). Helge Olsen Hagen sitt hus "Fredheim", like sør for bokhandlar Hagen, er ikkje bygd, så dette er før 1900/1901.
I vegen går det kvinner og born, tre i folkedrakter. Huset nærast i venstre kant tilhøyrde Rauberg. I vegkanten står hestevogna. Neste hus tilhøyrde skomakar Helge Jordal og kona Anna Jordal. På veggen ser vi små skilt. Skiltet på hjørnet av huset har tekst H. H. Jordal Skomager. Skiltet over kjellardøra er uleseleg på fotoet, men vurdert ut frå andre foto, markerer dette Anna Jordals Dragthandel. Det er truleg det same skiltet vi finn vi på fotoet med nummer I-02815, då drakthandelen eller bunadsbutikken hadde flytta ned til hotella og skysstasjonen til Grindheim.
Olav Ohm har skrive om livet i sentrum i Odda i manns minne nr 6, 1993.Fotografering: 1897 - 1899 (bygningshistorikk)
Eierskap
Classification
License information
Metadata
- IdentifierI-03566
- Part of collectionKraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionKraftmuseet
- Date publishedMarch 18, 2014
- Date updatedApril 6, 2024
- DIMU-CODE011012858855
- UUIDd86ba6f7-238d-4049-8705-3439f14053fa
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».