History
-
Den nye kyrkja var ferdig i november 1870, Hotel Hardanger som ein ser på biletet, brann ned i 1895 og bygd nytt året etter. På postkortet er Odda blitt til Odde, som er den danske skrivemåten.
Norvald Vethe skriv i si bok Vandring i gammal og ny tid: veg- og stadnamn i Odda kommune (sjå lenke) på side 19 og 20:
I følgje norsk stadnamntradisjon er usamansette naturnamn dei eldste. Namnet Odda vitnar dermed om høg alder. Sjølve namnet og forma Odda kjem av ei dativform i eintal av norrønt oddi - odde, nes, landtunge. Det siktar til Almerket, området mellom Opo og sjøen. Norr. oddi var eit svakt hankjønnsord, og desse orda enda på -a i dativ. Derfor heiter det Odda. På gamle bilde ser ein ofte at det er skrive "Odde i Hardanger", noko som er ei misskriving frå dansketida. Les heile teksten/boka på nb.noEin kommentar frå Hermund Fenne på sosiale medier forklarer dette slik:
Namnet Odda vart til for over 1000 år sidan. Den gong tala folk norrønt språk som hadde kasus. Eitt og same substantiv/ord hadde ulik ending avhengig av korleis det blei bruka. Når ein gav namn til odden, bruka ein den forma av ordet som hadde dativ-form/dativ-kasus: OddA. Det er det opprinnelege namnet på staden. Forma "Odde" kom inn med dansken fordi dei i dette språket ikkje kunne/kan ha ord av denne typen med ein -a i trykklett utlyd. Såleis er "Odde" ei dansk forvrenging av Odda. Staden namnet er kalla opp etter, er sjølvsagt odden ved utløpet av Opo. Sentralgarden med kyrkjestaden gjev namn til tettstaden. Dette er grunnleggjande kunnskap i historiefag.
License information
Metadata
- IdentifierI-02729
- Part of collectionKraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionKraftmuseet
- Date publishedMarch 18, 2014
- Date updatedSeptember 29, 2023
- DIMU-CODE011012857447
- UUIDdadaedf2-f261-492c-bdf4-a84619ec9c05
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».