History
-
- Krigen kom til Odda 23. april 1940. Tyske bombefly kom lågt over staden og byrja ei uventa terrorbombing. Litt før klokka 16 kom det første flyet stupande inn over Odda i glideflukt fra Rossnos, og ei bomba falt på ei steinrøys i lia ovanfor Hjøllo. Steinspruten stod tvers over dalen og slo hol i hustak på den andre sida. Det var uventa, og skjedde så fort at det ikkje blei tid til å senda ut flyalarm. Den neste bomba traff sentrum og kaféen Skytningstova, som hadde vore full av gjester før flyene kom, men fekk redda seg ut i siste liten. Ei bomba fall udetonert i fjorden, før ei av bombene traff og knuste eit av Odda Smelteverk sine bustadhus i Straumen, på folkemunne kalla "Ulvahiet". Fire menneske mista livet: Hilda Hjørnevik, Bergljot Halling, Ragna Johannessen og den 15 år gamle sonen hennar Olaf. Fleire vart alvorleg skada, ein mista synet. Krigen som oddingane berre hadde lest om vart no blodig alvor. Det braut ut panikk, dei fleste ville ut av byen. Evakueringsnemda tok i bruk alle disponible transportmidler og folk flykta oppover dalen og utover fjorden. Kalkbåten "M/S Sørfjorden" gjekk med full last av flyktningar til vestsida av fjorden. Alle stader tok bygdefolket vel imot dei evakuerte og hjalp dei på beste måte. Den 15. mai kom tyske soldatar og oppretta Ortskommandantur i Odda.
Fotografering: 1940
- ProdusentJohnson, Erling B. (1883 - 1967)sikker
- History
Ingeniør og sjefskjemiker ved Odda Smelteverk. Johnson var fødd i Oslo i 1893 og døydde i Odda i 1967. Han var utdanna kjemiingeniør, med eksamen frå Kristiania Tekniske Skole i 1913 og amanuensis ved kjemisk institutt ved Norges Landbrukshøgskule frå 1913-16, der han var assistent for professor Sebelien. Arbeidet dreide seg om gjødningsspørsmål. Johnson var forsøkskjemikar ved North Western Cyanamide Company i Odda frå 1916 til 1921, og var med i Statens Råstoffkomite i 1921. Kjemisk og teknisk leiar for malingsfabrikken A/S Monopol på Askøy, og ved Jakobsens fabrikker A/S i Oslo frå 1921-24.
I 1925 kom Erling B. Johnson attende til Odda og vart sjefskjemikar ved Odda Smelteverk A/S. Han vart verande ved verksemda til han gjekk av med pensjon i 1963. Fungerte i mange år også som kontrollør av råstoffer som kom til Zinken.Han har var ein mykje brukt fotograf ved Smelteverket. Forska og tok ut fleire patentar.
Sjefskjemikar Erling B. Johnson fekk Norsk Kjemisk Selskaps Guldberg-Waage-medalje i mars 1964 for sin innsats innan "anvendt kjemi". Medalja vart overrekt i Universitetets aula i Oslo. Han var ein av to kandidatar som fekk denne medalja då ho vart utdelt for første gong. (Kjelde: avisa Hardanger den 14. mars 1964.)
Det vart bygd eit eige forsøksanlegg ved Odda Smelteverk der det vart utvikla ei rekkje nye patentar knytt til prosessen fram til 1930. Han vart likevel ikkje brukt i produksjonen ved Smelteverket. Norsk Hydro var den einaste aktuelle gjødselprodusenteten som kunne nytta metoden. I 1930 fekk Norsk Hydro høve til å studera denne, inkludert Johnson sine forsøksprotokollar. Det vart innleia forhandlingar om å lisensiera prosessen. I desse forhandlingane kravde Norsk Hydro å få overdrege lisensrettane som galdt i utlandet, noko leiinga i Odda ikkje kunne godta. Samstundes med forhandlingane vart det satt i gang forsøk på Hydro sitt laboratorium på Rjukan, der ein systematisk arbeidde for å omgå Johnson sine patentar. I november 1931 søkte Olaf Jensen og Hydro om å få patent på ein liknande NKP-prosess som omfatta tilsetjing av ammoniumnitrat som danna eit dobbeltsalt.
Oddaprosessen hadde også tilrådd tilsetjing av ammoniumnitrat i prosessen, men ikkje forklart sjølve skapinga av dobbelsaltet. I 1934 vart Hydro sin patentsøknad først godkjend, men etter ein klage frå Odda Smelteverk vart Norsk Hydro nekta patent i 1935. Trass i dette starta Hydro produksjon av Fullgjødsel utan lisens ved ein forsøksfabrikk på Herøya i 1936, og ved fullgjødselfabrikken som starta opp i 1938.Hausten 1945 stemna Odda Smelteverk og Erling Johnson Norsk Hydro for retten for patentinngrep. Saka vart forlikt i 1947 ved at Hydro betalte Odda 175 000 kr (ca. 3-4 millioner i dag) og ei semje om ein 10-årig samarbeidsavtale om å utnytta begge partar sine patentar og røynsler med fullgjødsel.
I 1951 gjekk òg Norsk Hydro sin fullgjødselfabrikk over til å bruka den umodifiserte Oddaprosessen. I 1955 fekk Erling Johnson Norsk Hydro sin ærespris for arbeidet med Oddaprosessen.
Oddaprosessen ut i verda
Oddaprosessen vart først lisensiert internasjonalt til Bmag-Meguin AG i 1934, og IG-Farben i 1938. BASF, Hoechst og Staatsmijnen lisensierte òg prosessen. Føretaka brukte den, introduserte endringar og lisensierte dei vidare til andre føretak. Fleire internasjonale firma brukar Oddaprosessen i dag.
Oddaprosessen er ein kjemisk prosess for industriell produksjon av tresidig kunstgjødsel basert på svovelsyra med delkomponentane nitrogen, fosfor og kalium. Oddaprosessen gjorde det mogleg å framstilla eit salgbart biprodukt av nitrat-delen i form av kalsium-nitrat (kalksalpeter), som òg kunne brukast til jordbruksføremål. Kalsium-nitrat er m.a. godt egna til gjødsling der det er lite vatn.Kjelder: Kraftmuseet arkiv,
Wikipedia,
Kappestrid - en idrettssaga,
Odda i manns minne nr. 19 - ProfessionIngeniør, Odda Smelteverk
- GenderMann
- DigitaltMuseumSearch in «Johnson, Erling B.»
- History
Eierskap
Classification
-
- Bygninger (Outline)OU 340
- Krig (Outline)OU 720
References
-
- FotoreferanserI-01969 identisk I-02083 nesten identisk
- LitteraturreferanseSmeltedigelen, s. 45.
License information
Metadata
- Identifier I-02482
- Part of collection Kraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collection Hordaland
- Institution Kraftmuseet
- Date published March 18, 2014
- Date updated March 25, 2025
- DIMU-CODE 011012857106
- UUID b2f7393b-455c-4f95-b5d6-434172f2e137
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».