History
-
-
Fotografiet er tatt av den svenske fotografen Axel Lindahl og vart publisert av forlaget Rich. Andvord i Oslo. Fotograf Anders Beer Wilse kjøpte omkring 1911 negativsamlinga etter Lindahl og tok dette motivet med i sine seriar. Han beskar fotoet i alle sider, fjerna opplysningar om fotograf og forlag i nedre kant, signerte "Eneret Wilse", men førte på Lindahl sitt opprinnelege serienummer 1879 og bokstaven L for Lindahl bak nummeret. Grunna dette er motivet stundom omtalt som eit Wilsefoto. Også andre, som turisthandlar Ole Th. Ohm i Odda, gav ut fotoet i sitt namn på 1890-talet. Vernetida for copyright var berre fem år den gong.
Historien om dette biletet har fleire versjonar: "Flyttesjau på Seljestad" står det i Olav Kolltveit sine bygdebøker, bind 3-I. Utvandring er temaet når dette motivet kjem på frimerke i samband med utvandrarjubileet i 1999 og det er særleg som nasjonalt "utvandrarikon" at fotoet er alment kjent. Men både Gurid "Gulla" Viskjer, Odda og Torbjørg Nilsen Solberg, Seattle, har ein annan versjon: Axel Lindahl var på Seljestad og tok dette fotoet då den nyleg konfirmerte Torbjørg Seljestad (f. 1873) skulle reisa til Skottland for å lære seg engelsk og finare matlaging. Torbjørg var bestemor deira, og dette var "sanninga" i familien.
Historien som Gulla og Torbjørg har fortalt, har vi på Kraftmuseet gått grundig til verks for å finna dokumentasjon for, og i samarbeid med forskarane Ståle Dyrvik og Oskar Puschmann, meiner vi å ha funne det. Fotograf / geograf ved Nibio, Oscar Puschmann, har ved hjelp av ulike kjelder dokumentert at Lindahl var på Seljestad omkring 23. og 24. august 1888 og han meiner bestemt at fotoet er tatt då.
Det var først i 2015 at årstalet for fotografering vart slått fast. Nasjonalbiblioteket har trudd at Lindahl / Andvord publiserte fotoet i 1887 og har / hadde oppgitt det i fleire katalogar.Det har òg vore ein teori om at dei fire jentene på fotoet er døtrene til Helge og Jensine Seljestad, men dei flytta frå Hardanger seinhaustes 1883, og med Puschmann og Dyrvik sine dokumentasjonar, er dette avvist.
Når det gjeld ungjentene i framgrunnen, forklarar Gulla Viskjer fylgjande i intervju med Kraftmuseet (NVIM), band 115, år 1995: Jenta med holken eller strumpen på ryggen høyrde til på Seljestadstølen og bar dagleg ferskmjølk derifrå til skysstasjonen. - Fire karar frå Sørfjorden, to frå Kvestad, ein frå Nå og ein frå Børve, hadde
kjøpt stølen i 1880. Ser ein i Kolltveit si bygdebok på familiane deira, kan jenta vera Anna Karolina Oddmundsdotter Kvestad f. 1875 (OUK bd 4-I, s. 338), Anna Birgesdotter Børve f. 1871 (OUK bd 4-I, s. 270), Marita Birgesdotter Børve f. 1872 (OUK bd 4-I, s. 270), Brita Birgesdotter Børve f. 1876 (OUK bd 4-I, s. 270), eller Kristi Birgerdotter Børve, f. 1878 (OUK bd 4-I, s. 270).I katalogen "Axel Lindahl 1841-1906 Jubileumsutstilling" av Neil Morgenstern, 2. utg 1994, side 5, står det at Lindahl og Lundin reiste over fjellet til Odda i slutten av juli/begynnelsen av august 1884. Dette stemmer godt med detaljer i fotoet, t.d. skrinet som jenta held. Men biletet er ikkje tatt då, for Oscar Puschmann har òg dokumentert at Lindahl reiste opp Setesdal og forbi Seljestad på veg til Bergen, der han skreiv seg inn på Hotel Bergen den 27. august 1888. Puschmann meiner difor at dette og andre foto frå Seljestad er tatt den 23. eller 24. august 1888.
Norsk Folkemuseum sin katalog oppgjev 1882 som datering av fotoet, antatt. På skrinet står det 1884.
TV-program og reportasje om fotoet finns på nettsidene for nrk.no (frå Seattle, USA, i 2014)
-
Fotografering - 1888 (sjå historikk)
-
Fotograf
Lindahl, Axel (1841 - 1906)
sikker
- Adresse, Sverige Riddargatan 41, Stockholm
- Profession Fotograf
- Gender Mann
- DigitaltMuseum Search in «Lindahl, Axel»
-
Classification
-
- Bæring og pakkeredskaper (Outline) OU 482
- Befordringsmidler (Outline) OU 493
- Service langs veiene (Outline) OU 495
- Spebarnstid og barndom (Outline) OU 850
References
-
- Litteraturreferanse Reidun Horvei: Folkesongar i Hordaland. Samlaget 1998. S 179.
- Litteraturreferanse Ståle Dyrvik og Brita Jordal: Jentene på Seljestad Skysstasjon. I Hardanger 2015, s. 46 - 71. Utg av Hardanger Historielag 2015.
License information
Metadata
- Identifier I-01510
- Part of collection Kraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collection Hordaland
- Institution Kraftmuseet
- Date published March 18, 2014
- Date updated September 29, 2023
- DIMU-CODE 011012855181
- UUID 6b2889d9-497f-4a1e-a262-0b14a9e48d70
- Tags
3 comments
Helge Tormundsen var født på Ullensvang, var gråsteinsmurer og kom for E6-arbeid til Saltdal i 1862. Han giftet seg med Jensine Olsdatter i 1863, dro til Hardanger for gruvearbeid i Lindvik.
(Jensine Olsdatter var datter av Ole Kristensen som startet opp møbelsnekkeriet Russånes / nå fabrikk for Saltdalshytta).
Familien reiste fra Seljestad, hjem igjen til Saltdal 1883. Bildet viser hjemreisen. De fire jentene er døtrene Josefine med skrinet, Alette med dallen, Brita sitter og Oline står. Tinen som jentene bærer, har initialer J O D 1854 og tilhørte Jensine Olsensdatter 1845-1932.
Pål Runsjø, March 9, 2015
Unni Cooper, March 9, 2015
Brita Jordal, March 17, 2015
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».