History
-
Hotellet vart bygd som Gauthuns Hotel i 1889, men skifta eigar i 1897 og fekk då namnet Hotel Bratlandsdal No 1. Hotelldirektør ved Grand Hotel og Hotel Utsikten i Odda, Knut Patterson, kjøpte Hotel Bratlandsdal i 1955. Saman med snikkar Lorentz Eikemo utarbeidde han ein plan for ei fullstendig ominreidning og modernisering. Arbeidet starta i januar 1956, og det nyoppussa hotellet vart opna i juni same året. Hotellet fekk elektrisk ljos frå eige aggregat, før dei fekk elektrisitet frå Hydro i 1956 då det vart bygd ei overføringslinje frå Hellandsbygd i Sauda til Hegerland i Brattlandsdalen. Hydro tok på seg kostnaden med kraftlina over fjellet og transformatorstasjonane i Hellandsbygd og på Hegerland. Sjølv var Hydro også interesserte i dette, fordi dei trong anleggsstraum til den komande kraftutbygginga. Arbeidet med linjene vart sett i gang hausten 1955, og den 21. mars 1958 kunne straumen setjast på. I 1965 leverte Hydro elektrisitet frå Suldal I kraftverk. Kraftutbygginga med anleggsarbeidet førte til at turistane uteblei, og hotellet gav opp drifta i 1963. Påsken 1970 vart hotellet så skadd i brann at det vart rive i november/desember same året.
Kjelder: Artiklar i lokalaviser
Trygve Brandal: KRAFTEN - Røldal-Suldal kraft gjennom 50 årFotografering: 1930 (ca)
Eierskap
Classification
License information
Metadata
- IdentifierI-00753
- Part of collectionKraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionKraftmuseet
- Date publishedMarch 18, 2014
- Date updatedSeptember 29, 2023
- DIMU-CODE011012853145
- UUIDfea08081-6a80-4518-b76f-99b390782567
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».