Share to
Collections
Universitetsmuseet i Bergen, Arkeologibasen
Dei arkeologiske samlingane ved Universitetsmuseet i Bergen dekkjer heile 10 000 år av førhistoria, frå eldre steinalder til sein mellomalder. Samlinga er i jamn vekst grunna eigne lovforankra forvaltingsundersøkingar, undervisning- og forskingsgranskingar, funn frå NIKU, samt fylkeskommunale registreringar. I tillegg kjem gåver frå privatpersonar,
Universitetsmuseet i Bergen, Fotobasen
I fotoarkivet ved Universitetsmuseet i Bergen ligg foto av gjenstandar frå alle dei kulturhistoriske samlingane ved museet samt arkeologiske og kulturhistoriske feltfoto og eldre foto av folkeliv og arkitektur, med særleg vekt på Bergen og Vestlandet.
Universitetsmuseet i Bergen, Mynt- og Medaljebasen
Mynt- og medaljesamlinga ved Universitetsmuseet i Bergen går attende til opprettinga av museet i 1825. I 2003 vart numismatikksamlingane i Oslo, Bergen og Trondheim samde om å etablere ei arbeidsdeling mellom universitetsmusea, og medaljar og medaljekunst vart då eit særskilt ansvarsområde for Universitetsmuseet i Bergen. Museet har særleg fokus på
Universitetsmuseet i Bergen, Universitetet i Bergen
Bergens Museum – no Universitetsmuseet i Bergen – vart etablert i 1825. Heilt frå byrjinga av var intensjonen å auke kunnskapen om norsk natur- og kulturhistorie gjennom innsamling og forsking. Museet var ein viktig del av grunnlaget for etableringa av Universitetet i Bergen i 1946, og er no ein integrert del av universitetet. Universitetsmuseet ha