Share to
Korleis har olja sitt inntog påverka oss som samfunn?
Maximum attendees
30
Duration
2 timar
Time period
Heile året
Cost
Free
Competency goals
- vg1: Samfunnskunnskap (SAK01-01)
- vg2: Historie (HIS01-03)
- vg3: Historie (HIS01-03)
Me byrjer med ei vising av kortfilem Oljeunge, som gjev ei innføring i oljehistorie, før elevane får ein introduksjon til kjelder og kjeldekritikk. Ein pakke tacoskjell er ikkje berre mat, det kan også vera eit tidsvitne.
Elevane skal arbeide i grupper på seks forskjellige stasjonar. Dei får utdela ulike kjelder, tekster, gjenstandar og rekvisita som dei brukar i samband med utstillinga for å lage ein kort presentasjon som ein del av ei omvising. Elevane kontrollerer i stor grad sjølve kva dei ynskjer å snakke om.
Elevane utforsker gjenstander knyta til kulturmøte og leiteverksemd på norsk sokkel, oljefondet og ansvarleg forvalting, condeep og tidleg industrihistorie, samt kva påverknad oljeindustrien har hatt på båe landet og regionen medan dei går i oljens fotspor.