Share to
Med utgangspunkt i forteljingar frå migrantar som har komme til Noreg ser vi på kva som kan vera årsakar til migrasjon og korleis det er å komme til eit nytt land.
Maximum attendees
etter avtale
Place
Vestnorsk utvandringssenter, Museumssenteret i Hordaland, Hellandsvegen, Sletta, Norge se kart
Duration
1-2 timer
Other info
Kan kombineres med omvising på museet og andre aktiviteter etter avtale
Vestnorsk Utvandringssenter gjer ei god ramme for å snakke om migrasjon, innvandring og utvandring. Vi gjer ei kort innføring i omgrepet migrasjon og oppdaterte tal for migrasjon i verda i dag. Vi vil og sjå på parallellar mellom den norske utvandringa og dagens migrasjon.
Vi har samla forteljingar frå migrantar som no er busette i Noreg, og bruker desse som utgangspunkt for samtale om korleis det er å komme til eit nytt land. Språk, kulturforskjellar, mat, klima, arbeid og rasisme kan vera stikkord.