Museumsbuss: Frå berg til brød

article image

Visste du at det største bergverksføretaket i Skandinavia frå vikingtid og mellomalder er i Hyllestad? Her vart kvernsteinar - "livets steinar" - produserte i eventyrlege mengder for ein internasjonal marknad. Men kvifor akkurat her? Kven var steinhoggarane som forma fjellet, og korleis fekk dei det til? Kva tente kvernsteinane til, og kvar tok dei vegen herifrå? Vi ynskjer 9. trinn velkomen til ei tverrfagleg reise i Kvernsteinsparken - frå berg til brød!

Maximum attendees

30

Place

Kvernsteinsparken, Hyllestadvegen, Hyllestad, Norge se kart

Duration

3 timar

Time period

Mån-tors, i perioden september - mai

Cost

Free

Other info

Kvernsteinsparken er ein utandørsarena med uisolerte formidlingsbygg. Ein lyt difor kle seg etter vêr og vind, gjerne i ull og eigna fottøy for vandring i ulendt terreng. Fare for bållukt. Til dels universelt utforma bygningar og formidlingsløype. Ta kontakt for ev. ynskje om tilpassing.

Competency goals

Inneholder læringsmål for:
  • 8. - 10. trinn: Kulturarv (LKA01-02) and Naturfag (NAT01-04)

Kulturarv (LKA01-02)

grades 8 - 10

  • utforske og formidle korleis materiell og immateriell kulturarv utviklar seg i samspel med, og er ein del av, eit moderne, mangfaldig samfunn
  • drøfte korleis ein ved å bruke, formidle og vidareutvikle kulturarv på ein berekraftig måte kan ta vare på han for framtida
  • bruke ferdigheiter, teknikkar, reiskapar og verktøy for å utøve ulike handverk og tradisjonar
  • beskrive korleis kulturarv kan vere ein identitetsmarkør, og reflektere over korleis dette kan komme til uttrykk i ulike grupper i samfunnet

Naturfag (NAT01-04)

grades 8 - 10

  • stille spørsmål og lage hypoteser om naturfaglige fenomener, identifisere avhengige og uavhengige variabler og samle data for å finne svar

Show competency goals

Pedagogisk gjennomføring

article image
  • Oppmøte i Storehuset i Kvernsteinsparken. Velkomst og plan for dagen etterfølgt av introduksjon til museumsarena og tematikk (45 min).

  • Inndeling i grupper for aktivitetar á 45 min:

  • Utforsk kulturlandskapet og historia gjennom eiga formidlingsløype med 14 postar i parken.
  • Har du ein steinhoggar i deg? Praktisk verktøyhandtering og steinverkstad.
  • Oppsummering og refleksjon kring bålet. Høve for grilling (NB: hugs niste). Vel heim, og velkomen attende!

Museumsbuss - nytt gratistilbod for 9. trinn

Gratis museumsbuss er eit tilbod til elevar på 9. trinn på skular i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Les meir om vilkår på denne sida.

Order form

More school experiences

School
Card Image

Porteføljeindustrien i Halden

Halden historiske Samlinger

Samfunnsfag grades 5 - 7
School
Card Image

I gamle dagar

Museumssenteret i Hordaland

Musikk Norsk Samfunnsfag grades 1 - 2 grades 3 - 4
School
Card Image

Museumsbuss: Ungdom og identitet

De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

Samfunnsfag grades 8 - 10

Share to